søndagsomelett

sidan det er søndag, og sidan det er morsdag, var det sjølvsagt at i dag måtte eg lage noko ekstra godt til frukost (det var vel meir brunsj). så eg bestemde meg for å lage denne omeletten, som i mine auger er verdas beste omelett, og eg tenkte eg skulle dele oppskrifta med dykk. den er lett som berre det!

hakk opp ein raudlauk, ein stilk vårlauk, ein fersk champignon og ca tre cherrytomatar.

ta tre egg og litt melk (ca 1 dl, kanskje litt mindre) og pisk saman til ei jamn blanding. ha oppi ei klype salt, litt peppar og dryss litt rosmarin over og bland godt.

byrj med å surre laukane til dei er glinsande og mjuke.

når laukane er klare surrar du cherrytomatane og soppen saman med lauken til alt er “karamelisert” og mjukt.

hell over eggerøra og riv opp litt cheddar, som du fordelar på toppen av omeletten. la det steike på middels til lav varme (på induksjonsovn opp til ni i varme, sto denne på grad 4 i ca ti til femten minutt). medan omeletten steikast kan ein rydde opp, koke kaffi og dekke bordet. når omeletten er gjennomstekt brettar du den saman som ei pannekake. sikkert ikkje naudsynt, eg berre syns det er litt artig å gjere det, også ser det så proffesjonelt ut syns eg. hihi. denne oppskrifta er nok til to til tre personar. ekstra godt blir det dersom du kuttar opp nokre ferske cherrytomatar vedsiden av, med litt pesto og fetaost. nam. brunsjen er komplett med ein brennheit kopp svart kaffi, eit glas melk og ei fin bok du ikkje har lese før. i mitt tilfelle, lolita, som kom i posten i går. bon appétit og gratulerer med morsdagen til alle flotte mødrer der ute!

translation:
since it’s mothersday in norway today, and also a sunday, i figured i should make something special for brunch, so i decided to make, what i believe to be the best omelet in the world. all you need is red onion, spring onion, about three cherry tomatoes (and three for later), one fresh champignon, pesto, feta-cheese, three eggs, some milk, salt, pepper and rosemary. start by chopping up the vegetables. then mix the eggs, milk (a bit less than 1 dl), salt, pepper and rosemary separately from the vegetables. start by sautéing the onions (a bit unsure of the translation there), when the onions are tender and glistering, you sauté the mushroom and tomatoes along with the onions. after about two or three minutes on the stove, you pour the eggmix over the vegetables, grate some cheddar over it and let it cook slowly on medium to low heat (took about ten to fifteen minutes). while you are waiting for it to finish cooking, you can clean up and set the table. when it’s done wrap it once (it’s so much fun to do!) and cut yourself a piece. this recipe is enough for two to three people. the omelet is taken to an even higher standard when accompanied with some fresh cherrytomatoes, some pesto and feta-cheese on the sides. the brunch is complete with coffee, milk and a book you’ve never read before, which in my case is lolita. bon appétit and happy mother’s day to all you mothers out there! 

Comments are closed.