delar av kristina 16 år

1. våknar om morgonen og lagar kaffi sjølv. lagar frukost sjølv. havregryn med banan, jordbærsylte og skumma melk. høyrer på p3 morgon på rommet mitt og prøver å finne noko å ha på meg. bukse eller tights og genser. med palestinaskjerfet eg arva av farfar som siste finnish. ser meg i spegelen, tar på mascara, kun mascara, og ser meg igjen i spegelen. eg er ikkje nøgd. ikkje nøgd i det heile tatt, men eg har ikkje tid til å bry meg. klokka er fem over halv ni og eg har dårleg tid. eg spring ned bakken til skulen, forbi småbruket som ligg midt i byggefeltet. dei har ein kalkun som kaklar kvar gong eg går forbi. eg ber den om å halde kjeft, før han blir nyttårsmiddagen min. spring gjennom parkeringsplassen og inn inngang aust. eg er fem minutt forsein til timen. heldigvis har vi heggen, og han gir ikkje merknad på forseintkomming, så lenge ein er under ti minutt sein. my friend, kvåle, seier han då eg kjem inn døra og finn plassen min, how are you today? 

2. det er skidag på harpefossen, men vi har ikkje med ski. eg og lene er fyllesjuke. fyllesjuke på kvitvin. kvelden før hadde vi vinkveld og såg brothers and sisters på hybelen min. ei flaske kvar på ein episode. vi sit ute, janne og lene røyker, eg har på solbriller og poppar paracet mot hovudverken. vil heim til senga mi. går på do for eg trur eg må spy, men det går bra. set oss inn i varmestova og kjøper kaffi, ligg med armane og hovudet i bordet og ventar på at timane skal fly av stad. bussen går ikkje før i to tida. og så må vi le, le av kor slappe og slække vi er. vi skulkar i alle fall ikkje, kjem vi fram til. og når paraceten kickar inn tar vi mot til oss og tuslar ein tur ut i skibakken. står på sko. akar ned på jakkene våre. så er kanskje ikkje skidag det verste i verda heller.

3. vi sit ned med lene. vi skal sjå film, saw V og eg gruar meg. det er ikkje det at den er skummel, som plagar meg, eg berre likar ikkje å kveppe. ti minutt inn i filmen ringer telefonen min, det er sofie, og gjennom dei eklaste delane av filmen sit eg på gangen og snakkar med sofie. kjem inn igjen til slutten av filmen, og janne og lene ler av meg. eg seier eg veit at eg er pyse, men det hadde vore meir irriterande å sjå filmen saman med meg, for eg er ikkje alltid like lett å sjå film med. eg kommenterar nemleg utan å vite det, dei ser på kvarandre og seier “vi veit” også ler vi. ler medan scott patterson blir knust ihjel av veggane som sakte pressar seg saman, sluttar å le og seier æsj, når armen knekk og beinet skyt ut.

4. vi går ut i kantina, lene og janne skal ut og røyke og eg blir med. eg har ikkje byrja røyke sjølv endå, sjølv om alle trur eg gjer det. vi set oss på parkeringsplassen. legg oss ned i sola og snakkar og ler om ting eg ikkje lenger hugsar kva var. det er natt til fyrste mai og vi skal ned på polet etterpå. ein av oss har ein falsk legitimasjon, og så lenge vi ikkje går på bunnpris, som veit det, får vi kjøpt kva vi vil. det blir kvitvin, øl, smirnoff ice og mickey finn. masse mickey finn. når det blir mørkt ute, er vi, saman med alle andre på eid, i jektehola på malakoffområdet. bilar står på rad og rekke med frontlysa på og stereoen ut bagasjerommet. det seier dunkdunkdunk og vi dansar og hoppar i frontlysa med flasker i hendne. vi er 16 år og udødlege.

translation:
a few photos and memories from when i was 16 years old and had moved away from home to go to school. 

2 comments

  1. gnistregn

    kjenner jeg blir litt nostalgisk selv, av dette. innmari fint skrevet. sekstenåringer er fine (stort sett).