roma

om litt meir enn seks månedar flyttar eg til roma. om litt meir enn seks månedar sit eg på flyet, fyrst frå sandane, så frå gardemoen, og legg, ikkje berre sogn og fjordane og det ustabile kystklimaet bak meg, men heile noreg. om litt meir enn seks månedar byrjar eg på nytt, på ein ny skule, i ein ny by, i eit nytt land. om litt meir enn seks månedar byrjar det. på ordentleg.

eg har fått ein del spørsmål om eg ikkje kan fortelje litt om roma. om kva eg skal og korleis og kvifor og alle desse kv-spørsmåla, og det kan eg jo. akkurat no veit eg ikkje alt. eg har ikkje fått all informasjonen endå, men eg kan fortelle litt det eg veit og korleis det heile har gått for seg.

kvifor? korleis?

ein laurdagskveld like før jul fann eg meg sjølv grinande på fortauet saman med ein av mine beste kompisar. inne var det fest, god stemning, lykkerus og mange fine folk eg ikkje hadde sett på fleire månedar. og ute i nysnøen sat eg og hulka utan å heilt vite kvifor. ti minutt i forvegen sat eg inne og hadde ein av dei kosligaste kveldane på lenge, men så, når vi for ut for å ta ein røyk, så berre løsna alt. noko som overraska både meg og kompisen eg var ute med, for eg er verkeleg ikkje ei som gret i fylla.
mellom hulk og hikst høyrer eg meg sjølv seie ting eg berre før har turt å tenke. om kor liten og fastlåst eg føler meg her, om kor sliten eg er. seier eg føler eg står konstant i ro, at eg er låst fast her, i sjølve definisjonen av bygdenoreg, for alltid. og nye tårer får nytt liv medan eg tenner røyken som tross alt var grunnen til at vi gikk ut. “det trur ikkje eg. er det nokon frå denne velse innavlsplassen som kjem seg nokon stad i livet, så er det du, men…” orda hans dør ut og eg ser på han med spørsmål og maskara i augene. “ok, eg berre seier det rett ut… gjer noko med det då. om du er lei av nordfjord, flytt. er det jobben som er gale, slutt. berre ikkje la deg bli ein av dei som går rundt å skuldar problema sine på verda. ikkje bli ei av dei som går rundt å seier at det er jobben din sin feil at du aldri blei det du ville bli, at det er bygda sin feil at du aldri flytta. du er bedre enn det, du veit bedre. og du veit at du, av alle, kan komme deg dit du vil!” eg flirer gjennom eit slør av eyeliner og tårer, for om det er nokon som alltid veit kva dei skal seie for å oppmuntre, så er det han. “stump røyken no” seier han, “så går vi inn og har det helveta kjekt!”
ei veke seinare ringer eg janne. “eg har gjort noko heilt sjukt!” seier eg når ho tar telefonen. “kva då?” spør ho, og eg ventar nokre sekund for dramatisk effekt. “eg har søkt skule i roma!” og det er kvifor og korleis. rått og ekte.

kva?

eg kan ikkje heilt hugse kven det var som sendte meg linken, eg trur kanskje det var åshild eller anette i ein samtale på twitter, men eg hadde sett den lenge før eg tenkte noko skikkeleg over den. lenge før mitt vesle “samanbrot” i jula. eg hadde eigentleg ikkje tenkt så mykje på det. eg har vore for opptatt med andre spørsmål, som kva er det eigentleg eg vil bli? kva utdanningsveg må eg ta for å bli det? tenk om det er feil utdanning? eg trudde liksom at det var desse spørsmåla som var dei viktige. dei ansvarlege, vaksne spørsmåla ein må spørre seg sjølv når ein kjem til dette stadiet i livet. kva stadiet det no enn er. og det er jo dei rette spørsmåla, så lenge ein kan komme med dei rette svara, så lenge ein veit at denne utdanning, den skal eg ha, den er mi resten av livet. det kan ikkje eg. ikkje endå i alle fall.

det heiter kulturakademiet og er litt slik som gateway. her kan ein velge å studere anten på bali, i barcelona eller i roma, i anten eit semester eller ta det som eit årsstudium, som eg skal. ein kan studere idéhistorie, kulturforståing eller kulturhistorie, og så må ein ta ex.phil og ex.fac ved siden av. kulturakademiet samarbeidar med høgskulen i vestfold og all undervisning foregår på norsk, samstundes som ein har tilbodet om å ta kurs i italiensk og spansk. eg kjem til å ta eit årsstudium i kulturhistorie med ex.phil, ex.fac og italiensk.

foto: linka til kjelde

translation:
in about six months i am moving to rome for a year. many of you have asked what i am doing there and if i could make a post about rome. i haven’t gotten all the information yet, but i can tell you what i know. i am moving to rome to study cultural history, ex.phil and ex.fac for one year at kulturakademiet (norwegian for the culture academy). kulturakademiet is a norwegian organization, similar to gateway college, and is based in rome, barcelona and bali. and also i am learning italian while i’m there, which is going to be amazing. photo: linked to source.

9 comments

  1. Iromie Stephany

    Jeg likte rådene han kom med. Det trengte jeg faktisk å se/høre akkurat nå, for jeg er litt der du var i jula. Føler jeg bare står fast mellom alt og ingenting.

    Men så utrolig spennende! Det gjør meg glad at du har valgt noe du virkelig vil, og jeg vet det kommer til å bli bra. Hurra, hurra, hurra!

  2. Åshild

    Det høres så utrolig fint ut! Gleder meg på dine vegne, håper du tar med bloggen dit også! Roma er en nydelig by <3

  3. Anja

    Så gøy, lykke til! Det går kjempebra det er jeg sikker på (og det kommer fra en som allerede har flyttet fra Norge alene to ganger, og jeg lover deg: den første uka er skummel og vanskelig, men etterpå er det så ufattelig verdt det)