nynorsk

eg prøver å sjå for meg noreg utan nynorsk, norsk litteratur utan nynorsk og alt eg ser er grått og trist. noreg utan nynorsk er som noreg utan dialekter, vi mistar litt farge, litt særpreg, litt prosa. for det fins ein bit av trolldom i nynorsk, det er noko fortryllande med det, noko lokkande og estetisk. det er språket som kom til gjennom ei oppsamling av  alle forskjellege dialektorda i noreg, for å kunne ligge nærast talemåtane som mogleg. nynorsken innheld djupe røtter til kvar krik og krok av heile landet vårt. det held ein bit av dei gamle eventyra inn i seg, voktar på huldrer og vetter og mystiske alvar. det er ynde i form av ord. det tilhørsel. det er heime. det er poesi. eg ser for meg eit noreg utan nynorsk og eg merkar at eg ikkje ynskjer å høyre til der.

translation:
a text about nynorsk, the most magical way to write norwegian. 

17 comments

  1. johanne

    jeg er så enig med deg. jeg syntes det er altfor mange ungdommer som er negative mot nynorsk, mens jeg aller helst skulle ønske at de kunne se det vakre i det.

  2. sukkerspinnet

    Einig med deg. Nynorsk er eventyrleg! Vi burde ha vore som NRK, og innført krav om tjue prosent nynorsk på bloggar! Haaaha 😉

  3. Kathleen

    Nei, nynorsk inneholder ikke hver krik og krok av landet vårt. Den diskriminerer dialektene som holder til på kysten av sørlandet og flere steder på østlandet. Men jaja, vi snakker jo egentlig dansk.

  4. Linda

    Jeg er på mange måter så veldig enig. På tross av at jeg selv er bokmålsbruker. Likevel gjør skriftmålet det vanskelig å komme bort i fra at nynorsk både er vakkert, poetisk, litterært og på mange måter har så uendelig mye “mer” i seg, enn det trause bokmålet..

  5. Kristina Kvåle

    kathleen: fleirtalet av talemåtane i noreg er i alle fall nærare den nynorske skrivemåten enn kva dei trur. bokmål er jo fint det også, og eg elskar dansk! men nynorsk, åh, det er noregs poetiske språk!

    Linda: er litt usamd i at bokmål er traust, for bokmål kan vere veldig fint og veldig sårbart. syns eg. men det er kanskje også noko med at for mange så møter ein nynorsk så sjeldan at det blir endå meir spesielt, endå meir fint. sjølv snakkar eg ganske nært til skrivemåten og for meg er det 100 % naturleg å skrive på nynorsk! :)

    Sukkerspinnet: hihi, ja!

    Marita Solheim, Åshild, Johanne, Ida, regndrope, anthine, michelle og annie: <3 <3 <3 <3 <3 <3

  6. Anonym

    Se for deg at du er en person som ikke snakker noe likt nynorsk, og har dysleksi. Er det da lett å lærer det? Nei! Det er plent umulig! Er glad for at jeg kunne ha valgt vekk nynorsk, hvis jeg ville da jeg gikk på ungdomsskolen.
    Det er ikke mange som snakker rent nynorsk, fordi det skal være et norsk-dialektspråk, men hvorfor er det ikke et eneste ord som er spesielt fra der jeg er fra?
    Eg høres ikke noe likt som æ, for å si det slik.

    • Kristina Kvåle

      men kjære vene, høyrest jeg ut som æ då? sakens kjerne er jo den at i norsk språkhistorie så er nynorsk det skriftspråket som går utifrå mangfaldet i den norske talen, så varierande som den faktis er, med dialektord frå alle dialekter. om du er usamd i at nynorsk faktisk representerar di dialekt, får det vere din sak og di meining, her skriv eg berre mi. men når det kjem til bokmål så er det ein fornorska versjon av det danske skriftspråk og i mykje, mykje, mindre grad i nærleiken av den norske talemåte enn kva nynorsk er. og det er jo berre slikt ein lærer i norsktimane. eg benektar ikkje at det er vanskeleg for dyslektikerar å måtte forhalde seg til to skriftspråk i skulen, men eg ser ikkje for meg at det kan skade dei å trene seg for å bli bedre? poenget er vel ikkje å gjere det enklare for å høge eit snitt, og så leis gjere kompentansen mindre? poenget må vel vere å høge kompetansen til elevane ut frå å tilrettelegge undervisninga slik at folk lærer bedre og meir under alle forhald? heile poenget med skulen er jo å lære!

      ein annan ting eg meiner veldig mange faktisk gløymer, er at bokmål faktisk er tusenvis av elevar sitt sidemål. ved å avskaffe sidemål vil ein få ein regionalisering av språket, som vil føre til at nokre lærer eit skriftspråk og nokre eit anna og det vil bli endå meir vanskeleg å kommunisere med kvarandre. sjølv kjem eg alltid til å skrive nynorsk, det er mitt hovudmål, eg snakkar så og sei akkurat slik eg skriv og det er mi personlege meining at nynorsk er vakrare enn bokmål. dette er det sjølvsagt lov å vere usamd i, det er nettopp difor vi har ein slik fin ting som heiter ytringsfridom. eg syns derimot det er ganske trist at du føler det er naudsynt å vere anonym for å ytre ei meining ulik mi, for meiningane dine er din rett. ein kan vere usamde med den og diskutere den, men ein kan ikkje ta den frå deg.