laurdagsliste

nevn noko som gjorde deg glad i går? bilder av blomar, musikk av marianne faithfull og finfine bilder av ryan gosling og danny zuko på sandra sin finfine blogg.
kva gjorde du klokka 08.00 i dag tidleg? sov
kva gjorde du for eit kvarter sidan? sminka meg medan eg dansa til kate nash.
det siste du sa høgt? skal du ut ein tur, saravovven? (eg snakkar ofte høgt med hunden, helst med alt for lys babystemme som ellers gjer meg kvalm)
det siste nokon sa til deg? ok, då snakkast vi seinare då! tudeluu!
kva har du drukke i dag? vatn, pepsi max og svart svart svart kaffi.
kva er det siste du åt? pannekaker med heimelaga jordbærsyltetøy.
kva var det siste du kjøpte? nytt blondeundertøy.
kva farge har ytterdøra di? kvit.
kva for vær er det med deg no? mørkt, kaldt og opplett.
den beste iskremsmaken? hylleblomst.
søv du tungt? nei, aldri. eg har vanskeleg for å sovne og vanskeleg for å vakne, men eg søv heller ikkje tungt når eg fyrst søv og eg drømmer alt for mykje.
har du mareritt? alt for ofte.
trivs du med jobben din? eg er veldig glad i jobben min og trivst veldig mykje. likevel er det nok ikkje eit liv innan helse som er laga for meg.
favorittantrekk? matroskjole, blondestrømpebukser, silkeskjerf og høgt hår.
favorittlåt akkurat no? Simon & Garfunkel – Bookends
kva ser du om du ser til høgre? eit maleri av st. sunniva av kjell-stig amdam.
kva gjer deg glad akkurat no? tanken på at eg mest sannsynleg reiser til valdres i morgon.
kva er det neste du skal gjere? pakke og reise til måløy for å ete reker, drikke vin og kanskje fare ut ein liten tur.
høgre eller venstrehendt? høgre.
favorittgodteri? surt og søtt. men ikkje salt eller lakris.
kva kle har du på deg akkurat no? svart ullstrømpebukse, rutete miniskjørt og blondetopp.
sommarplanar? mangen og spennande. med småhint av paris, malakoff rockfestival og roskilde. men ingenting er sikkert endå.
kor mange puter søv du med? eit heilt harem. har sikkert åtte-ni puter i senga mi.
morgon eller nattmenneske? elskar morgonar, og difor er det så kjipt å vere nattmenneske.
kva er det viktigaste for deg? søskena mine. familie. kreativitet. litteratur. inspirasjon.
er du kilen? berre på ein plass, og den kjem eg aldri til å seie kvar er, for eg hatar å bli kilt.
snorkar du? nei.
stjerneteikn? tyr.
eklaste insekt? larvar, slike kvite som ein ser på lik på fjernsynet.
rotete eller ryddig? ein fin blanding. aldri skittent.
kva lengtar du mest etter akkurat no? amsterdam i februar med anette.

liste stjåle frå elsa.

translation:
a list i borrowed from the amazing elsa.  

3 comments

  1. Lady Netta

    Yey, Amsterdam! Åh, som jeg gleder meg :) Og æsj, de larvene er de ekleste jeg vet om også. Sitter alltid ned og spiser når jeg skal se på f.eks. Bones, og der dukker de alltid opp. Jeg lærer aldri.