eit år i ei moleskinebok

i går kjøpte eg meg ein ny almanakk frå moleskine, den er stor og fin og heilt blank. akkurat som 2012. så difor tenkte eg at vi kunne ta eit lite djupdykk inn i fjorårets utskrivne almanakk.

alle moleskinebøkene min må byrje med eit bob dylan sitat.

sigurd hoel sitat frå då eg leste syndere i sommersol for fyrste gong og meinte at det kanskje var den finaste boka så langt i 2011.

kaffiavtalar og lekser er likeverdige og difor like viktig å skrive opp så eg ikkje gløymer dei.

å ha bursdag same dag som lønningsdagen sin, er noko som alltid er like fint.

når veslebror blir atten og tirilbestevenn kjem heim frå usa på same dag, blir det mange hjarter i margen.

det same når det er brullup i familien og eg skal fotografere brullup for aller fyrste gong.

trøtte nattevakter

og heilt bakerst finn ein mange rare dikt og samansetningar av ord, skrivne på lange bussturar som kanskje aldri kom til å ende.

translation:

my 2011 through my moleskine day planner

11 comments

  1. Haruhi

    Så fin moleskin med hjerter, kaffekopper og trøtte øyne! Jeg har nesten alltid som nyttårsforsett å bruke notatbok mer aktivt; tanker, tegninger, avtaler, datoer, kaffekopper, sitater og dikt – så er jeg superflink i januar, og bruker bare post-its og mobilen resten av året. Ysj. Skal gjøre mitt beste for å komme hjem fra Tanzania med en moleskin full av giraffer, sitater og lykke.

  2. Iromie Stephany

    åh. dette var fint. jeg har ikke moleskine, men jeg har en dagbok og den er fylt med mye rare tanker og saker. nesten litt flaut å lese i den, men det er morsomt å se hvor mye man forandrer seg.

  3. Johanne

    Har og moleskine-planleggar, kan nesten ikkje gå nokon stader utan lengre, alle planar på ein plass!

  4. Maren

    Min favorittalmanakk! Og så fin din var, det er gøy å se tilbake på dagene og ordene.

  5. regndrope

    Hihi, fridaynight dinner! Almanakkar er så fine å ha, både når ein brukar dei og etterpå når ein ser tilbake.

  6. Kathleen

    Fint med gamle almanakker, det blir som en minidagbok, en dagbok i stikkordformat. Selv kjøpte jeg en ny i dag og fylte den inn med alle de fine tingene jeg planlegger.

  7. Kristina Kvåle

    haruhi: trur vi alle har våre periodar der vi er ekstra flinke til å planlegge, og periodar der vi er kjempedårlege, GLER meg til å sjå notatbok full av giraffar, sitat og lukke!

    iromie stephany: om det er moleskine eller ikkje er vel eigentleg ikkje det viktigaste, det er nok litt sånn overfladiskheit frå mi side, haha. det viktige er at ein har ein plass å skrive alle desse absurde tankane og dagane slik at ein kan sjå tilbake til dei og, som du seier, sjå kor mykje ein har endra seg sidan då.

    johanne: eg veit! eg har min med meg OVERALT. gikk fem dagar utan no etter nyttår, holdt på å bli galen!

    Maren: tusen takk, moleskine har så fine bøker, og almanakken er jo fylt av så masse fint frå før! :)

    Regndrope: ja, det hender det er litt gilmore-esque i min familiesituasjon, haha :)

    Kathleen: eg tar vare på alle (ikkje alltid på same stad, som er frustrerande når eg vil sjå tilbake på ting, men dog). syns det er noko av det kjekkaste i verda, å sitte med ein ny almanakk og fylle inn avtalar og informasjon og alle desse små tinga som gjer at denne skiller seg ut og er akkurat min almanakk og ingen annan sin. :)

  8. Karoline

    Så fint, almanakker og notatbøker er vakkerhet altså og dette var et innmari koselig innlegg <3

    Ha en fin dag!