god jul!

vil berre seie god jul til alle de fine som les bloggen, eller er innom. god jul til alle som har gått og gleda seg til denne dagen i noko som verkar som ei æve, og til alle dei som gruar seg og håpar dagen fort går over. god jul til alle som sit i stova og ser på julefilmar og spelar fillipine med onklar og tanter medan lukta av ribbe, pinnekjøtt og kålrabi breiar seg i heile huset og ein veit at det snart er mat. god jul til alle som som meg er på jobb denne kvelden og så gjerne skulle vore heime, til alle som er på sjøen, på sjukehus, i fengsel eller av andre grunnar ikkje saman med sine næraste denne kvelden. ei god jul til alle som ikkje feirar jul, men andre høgtider og ei god jul til dei som ikkje veit at det er jul. til alle, store og små. sjølv sit eg på jobb med saravovven min og ser på julefilmar med pasienten medan eg knaskar karamellar og tenker at eg kunne verkeleg hatt det mykje verre denne julafta, og det blir næmmen meg jul i år også.

god jul, må alle ha ein strålande kveld, uansett kva de gjer eller kvar de er.

translation: 
i want to wish everyone a merry christmas; to all who have been waiting for this day to come for ages, and for those who have been dreading it for months. to all who are sitting in their livingrooms watching christmas films while waiting for dinner, and to all who are working, at sea, in the hospital, in prison or by some chance of faith not with their loved ones this christmas. to all who doesn’t celebrate christmas, but other celebrations, and to all who doesn’t know what christmas is. a merry christmas to everyone, rich and poor. may your christmas be better than you hoped and may you all have a wonderfull time, whatever you are doing, wherever you might be. 

7 comments

  1. regndrope

    Og riktig god jul til deg også! Håper kvelden din kan bli ei feiring som kan vere fint å sjå tilbake på, sjølv om du er på jobb, og at du seinare i jula får litt meir av den “vanlege” jula.

  2. Stine

    Fineste du! Skriver alltid det rette.

    Må du ha en fin og velsignet jul, vakreste (hjertehjerte).