julesveisen

nyfarga og nyklipt (janne klipte det på badet med ei sløv papirsaks to timar før vi for ut på laurdag) og nykrølla. eg har kanskje verdas strittaste hår. det er tynt og mjukt og heilt utan volum, så når eg skal ordne meg på håret er det som regel berre ein ting som er viktig for meg, å livne det opp og få det til å verke litt tjukkare enn kva sant er. og som regel når eg skal krølle det, så er det berre bortkasta tid og energi, for uansett kor mange liter hårspray eg brukar, eller kor lenge eg held krølljernet, så vil krøllane ha jemna seg igjen etter førtifem minutt og all form for liv og volum vil vere vekke. no har eg derimot funne ein måte som gir meg nettopp dei krøllane eg ønsker utan at dei forsvinn. du treng varmespray, tørrsjampo, hårmousse, (mykje) hårspray, rettetang, tupperingskam og hårbørste.

♥ vask håret kvelden før – håret mitt er så tynt og glatt at det er ikkje noko poeng å prøve å krølle det når det er nyvaska, for krøllane berre glir ut.

♥ spray håret med tørrsjampo. heilt inn i røttene, slik at det løftar seg litt og håret ikkje blir feitt (slik mitt blir ganske fort)

♥ ha i hårmousse og føn det raskt med hovudet oppned, slik at det løftar seg pittelitt til.

♥ ta ein liten flik av hår, tvinn det saman (flett det, berre at du deler det i to delar i staden for tre), vri fletta rundt to tre fingrar og ta fingrane ut.

♥ legg “hårrullen” i  rettetanga og press ned, hald rettetanga på plass i mellom 30 til 45 sekund og slepp ut. ikkje løys opp fletta, men spray den og la den henge der medan du tar resten av håret.

♥ når du er ferdig med heile håret så sprayar du det ein gong til, før du løyser opp alle flettene og sprayar ein gong til.

♥ børst forsiktig gjennom håret for å fordele krøllane. spray. grei ut og rot til krøllane med fingrane.

♥ tupper krøllane forsiktig oppover, men ikkje børst dei ut, spray.

♥ tupper pittelitt heilt opp med hårrota og grei det ut (ikkje på krøllane) med fingrane til det ser naturleg ut.

♥ spray håret ein siste gong over og under, bruk fingrane til å rote det litt til og voila.

om dette er slik ein etter boka lagar krøllar med rettetang og om det er den lettaste måten, veit eg ikkje. men det er den einaste måten som eg til dags dato faktisk har fått til å lage krøllar som held og varar. for mitt hår tok heile seansen om lag 30 minutt og resultatet er ein litt messy, bohem-nostalgisk sveis. og ja, det var mitt hårtips denne torsdagskvelden.

translation:
a sort of tutorial for how i make my curls.  

7 comments

  1. Kristina Kvåle

    sukkerspinnet: haha, dei fleste produkta har eg nok kjøpt til under hundrelappen på cubus, og nokon har eg hatt i fleire år 😛 men ja, omstendig som berre juling!

  2. Haruhi

    Du er en tålmodig sjel. Men, frister å si at det nok var verdt det – for det ble knallfint!

    (PS: tusen takk for gavepremie. Sjokolade forsvant fortere enn svint, og det fin fine kortet har fått hedersplass på skrivebordet.)

  3. Stine

    Merker at jeg må lære meg å sette pris på de naturlige krøllene. Det er så synd at planeten på andre siden a ser så mye kulere ut.

  4. Kristina Kvåle

    haruhi: tusen takk! og så bra at pakken og kortet har komt fram! 😀
    stine: eg trur graset alltid er grønare, hadde eg hatt naturlige krøllar hadde eg nok ønskt meg slett og glatt hår som eg har, men så er det no slik at eg ønsker meg krøllar, haha :)
    Johanne: uff, eg har spart og spart på dette håret, men eg trur kanskje eg skal klippe det kortare snart. og det er superskummelt.
    regndrope: tusen takk!