2011: april – juni

april

i april var eg veldig stressa og veldig opptatt heile tida. det var siste innspurt med tentamenar, opptaksprøver til bilder nordic og westerdals, og eksamensforberedelsar til den store gull medalje. eg drakk mykje te, mykje kaffi, satt mykje i den grønne trappa på hybelen min og smugrøykte. leste elle og prøvde å ta ting eit steg om gongen.

innimellom alt stresset hadde eg fine kaffidatear med finaste veronika. der eg snakka om kor stressa eg var, kor mykje eg hadde å gjere, kor usikker eg var og slikt. også roa ho meg også snakka vi om kva som skjedde i hennar liv akkurat då. finfint.

det blei påske og eg reiste til valdres med familien og la igjen mobil og kamera heime og hadde ei herleg, avkopla tid med trivial pursuit, raudvin og lange bøker med komplisert ordforråd.

så reiste eg til oslo på opptakshelg hjå bilder nordic. og eg var supernervøs og livredd og blei heilt forelska i skulen. eg budde hjå tanta og onkelen min på nesodden og tok mange bilder og hadde mange samtalar om kva som er lurt å gjere når ein ferdig med vidaregåande og slikt. og så møtte eg sjølvsagt finaste anette, som følgte meg til der bilder nordic ligger, fordi eg var redd for å gå meg vill. og vi sto på fortauet på schous plass og såg på vindauga til leiligheita vi skulle flytte inn i til hausten og var liksom berre full av draumar og framtid og slikt.

mai

eg farga håret mørkare og lillaraudt og gikk i russebukse og stygge singlettar.

eg grilla med dei finaste jentene

det var russetid og alle såg ut som raudnissar.

eg reiste til måløy og såg fotballkamp mellom aafk og måløy tornado. sistnemnde tapte sjølvsagt, ikkje at vi eigentleg følgte så mykje med, der vi blanda vodka og pepsi max i kaffikoppane våre og venta på at kampen skulle bli ferdig så vi kunne fare på russekroa. og den natta vart eg 19 år, og finaste mai-linn, frank og birgitte stoppa dj-en og fekk heile lokalet til å synge happy birthday til meg. og eg blei småflau og kjempeglad og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere.

og ellers såg russetida ganske slik ut. og var etterfyllt av eksamensangst.

eg klipte pannelugg og mala neglene grønblå.


og så var mai på hell og vart avslutta med finfint besøk av finfine lene og ein tur ut på eid.

juni

naboen min og på-ein-måte søskenbarnet mitt, ida, konfirmerte seg, og eg tok konfirmasjonsbilda til takkekorta hennar.

og så var vi plutseleg ferdig på vidaregåande og heile kullet samlast til avslutningsfest og det var typ ein av dei finaste og kosligaste festane heile året.

 

fine søskenbarn kom til nordfjord, og det byrja nærme seg brullupstid.

onkelen min gifta seg med finaste camilla og eg var fotografen deira, som var både kjempeskummelt og kjempemorosamt.

kariann kom på besøk til eid og eg fekk endeleg møte vesle lily caroline, som er så lik både mammaen og pappaen sin og som eg seinare har tatt mange fin fine babybilder av.

og så reiste eg og sissel til rhodos. men først måtte vi sitte i elleve timar på gardemoen og spele kort og vente på at flyet skulle komme og bli klart.

translation:
2011: april, may and june. i was stressed out about school and finals and exams. i went to oslo twice, and to valdres for easter. i drank a lot of coffee, barbecued, i was russ, took pictures for ida’s confirmation, went to my uncle’s wedding (where i also was the photographer), took pictures of little lily caroline and my cousins’ aurora and tobias. and then sissel and i went to rhodes in greece. 

2 comments