stille desember kvardagar

bygda er snøbelagt og det er kaldt som tusen. eg står på balkongen i tjukkelester og røyker og tenker at no har eg vore flink og stått opp tidleg, sjølv om eg ikkje skal på jobb. men eg orkar ikkje stå opp endå, det er mykje meir kosleg å gøyme seg under dyna og lese bloggar, redigere bilder og lage spelelister på spotify. eg tenker at no er det faktisk snart jul, og at eg eigentleg burde sette meg ned og skrive ei liste over kven eg faktisk skal handle julegåver til, og kva dei skal få. eg har endå ikkje handla ei einaste julegåve. i neste veke må dei postast, dei som skal nå fram til haugesund og valdres og oslo før julafta. eg orkar ikkje tenke på det. dyna er for varm og det er så mykje meir eg heller vil tenke på om morgonen enn julegåver og burde burde.

eg laffar ned på kjøkkenet, i kledd veslebror 18 si joggebukse og t-skjorte. dei som berre mystisk vart vekke for han i vask for nokre veker sidan. det er heilt stille i huset, med unntak av sara-vovven, som stille ligg og småsøv på sofaen. mamma er på jobb, stefar i måløy, og eskil er på skulen. eg har huset for meg sjølv. tenker eg bør lage frukost, men er ikkje svolten. er ikkje svolten nokon sinne, med unntak når eg er på jobb. då er eg alltid ihjel svolta. då svelt eg nesten. eg kokar kaffi. varmt vatn veltar seg over det mørkebrune pulveret, omringer det, pressar det ned og sammen i ein malstrøm. og så er alt mørkebrunt og heile kjøkkenet luktar kaffibønner og nysnø, det kjem sigande gjennom veggen, mellom sprekkane i vindaugslistene. så kokar eg egg, sjølv om eg ikkje er svolten, men kven er vel eigentleg svoltne om morgonane uansett. ristar brød og tar fram blåbærsylt. stiller det opp og applauderer. eit glas melk, det er alt som manglar, det er alt eg treng, det er brae greier.

eg greier ikkje ete opp alt. to egg og ei halv skive, tre koppar kaffi og eit glas melk. men det er betre enn ingenting og eg skrålar med til lady gaga sin versjon av orange colored sky og hunden ser rart på meg. og vi trenar på sitt, ligg og stå, og for kvar gong ho gjer rett, så for ho ein snop. sjølv om ho ikkje forstår kvifor eller kva ho har gjort som er bra. verdas mest distre hund og verdas mest distre eigar. medeigar. det er jo familiehunden. hoppar i dusjen og steller meg. hentar kameraet og stiller meg foran baderomsspeilet og føler meg som ein vassekte rosabloggar. står der i ei æve og klurrar med fokus og grimaser, forstår ikkje korleis folk kan gjere dette dagleg. får smilekrampe og gir opp. så var spørsmålet, kva skal ein gjere i dag?

translation: 
a text and pictures from my every day life, when i am not at work. silent, simple and not really that exciting.

7 comments

  1. Renate

    For ei vakker skildring av ein heilt vanleg morgon. Alt høyres så mykje betre ut på nynorsk også!