2011: januar – mars

januar:

2011 byrja med storm utan like, så eg sto inne og tok bilde av fyrverkeriet. folk måtte skyte opp rakettane frå jordene og håpe at vinden ikkje var så sterk at dei flaug inn i husa. eg skreiv nyttårsforsett.

eg var mykje på kafé med fine sondre, sissel og viviann. eg gikk konstant med raud lebestift og det var raude merker på kaffikoppane mine støtt.

vi hadde russerevy, med lady gaga, else kåss furuseth, luksusfellen og drive-in sjukehus og fekk strålande kritikkar frå lokalavisa.

eg kjøpte nye moleskine bøker i høve det nye året. ein almanakk og ei notatbok til inspirasjon og tekstar.

eg hadde alice in wonderland fotoshoot med Anniken.

finaste anette sendte hjartemagasinet til meg i posten og eg hadde det med meg overalt i veska, slik at eg bestandig kunne bla i det.

og vi hadde russekro med afterski tema, med fyll og fanteri og alt som høyrer russen til.

februar

hadde eg sløyfe i håret og raud lebestift nesten støtt. kjøpte eg meg ny vinterkåpe med magisk brosje på. vaska eg opp mykje, etter meg og dei to eg budde med, og det var ikkje alltid like kjekt.

var eg på fest med fine folk.

kom CT på besøk frå stockholm

var eg bort på hybelen til andrea og såg på disneyfilmar og drakk kaffi nesten kvar dag.

sat eg mykje på biblioteket og tok mange photoboothbilder av meg sjølv medan eg leste politikk og samfunnsfagleg engelsk.

såg kvardagen ganske slik ut. fin og lys og alt for kald.

vart det vinterferie med gode frukostar, haruki murakami, kaffi og te.

og fint vinterferiebesøk av sissel og sofie og eg hadde nyfarga mørkeraudt hår.

var eg sjuk og snufsen og ville berre gøyme meg under dyna for alltid.

mars

fekk eg mange fine bøker i posten. drakk mykje kaffi med finaste janne på ikkje-fine torsdagar, og ting var veldig opp og ned, men så gikk det seg til, som det som regel gjer.

kom finaste lene til eid og det blei rock and roll på ekte janne, kristina og lene vis.

såg eg mykje gilmore girls og prøvde å vere flink til å ete frukost om morgonen, noko som gikk så som så.

sofie blei 19, noko som berre måtte feirast!

eg reiste til sandane for å ta bilder av veslebror til opptaksprøva mi til bilder nordic. eg skreiv mykje, til dømes om fuglen i tapeten, det var kaldt ute og gikk mykje med selbuvottane eg fekk av sissel til jul.

translation:
my year in pictures part 1: january – march. 

9 comments

  1. Kathleen

    Fin frokost (og kopp) du hadde i vinterferien. Gøy med årskavalkade. Jeg holder på å lage en selv for tiden og det er gøy å komme på hva man gjorde i januar og februar! Det er jo så lenge siden, samtidig som det jo bare var… i går.

  2. Yngvild

    Haha, bjynte å lure når eg tilfeldigvis såg navnet mitt i den boka! Morsomt :’)

  3. marlou

    fin start på året!
    jeg liker særlig de lyse bildene i februar. og lebestiften din. og sløyfene dine. jeg bør kanskje bruke litt flere sløyfer selv – men lebestift tør jeg (dessverre) ikke.

  4. Malin Therese L. K.

    Heilt enig med “sukkerspinnet” !! VELDIG kjekk man øverst ;D <3

  5. Kristina Kvåle

    Sukkerspinnet: ja, han er veldig kjekk og grei, men eg har nok aldri flørta med han, han er meir bestekompis i mine auge, tihi:)

    Kathleen: ja, årskavalkader er alltid artige, og eg er heilt einig i at det var i går liksom. eg hugsa veldig godt alt som har skjedd.. litt skummelt.

    Yngvild: tihi, der står jo berre at “eg lurer på om eg kanskje skal gi den boka til yngvild, for ho ville blitt genuint glad for den” :)

    Marlou: åh, tusen takk :) er veldig glad i februarbilda eg også, sløyfer er finfint og lebestift også (eg syns du kan gå med lebestift eg, da):)

    Malin Therese L.K.: ja, det syns du vel, di snuppeline :) har eg gratulert dokke, forresten, blei kjempeglad då eg hørte dokke blei sammen (tar litt cred for introduseringa på seljedansen, høhø) :) <3