kristina aurore

(eg låner denne lista frå hjartesmil, for den var så fin).

eg er 19 år og liksom vaksen, men som oftast kjenner eg meg ikkje vaksen i det heile tatt. sjølv om eg betalar rekningar og skatt og har ekte visakort.

eg likar folk som ikkje tar seg sjølv så høgtideleg og som kan le av at det kom ei lita boble ut munnen deira når dei snakka utan å undskulde seg sjølv i det store og heile. å sitte på bussen med heilt ny speleliste på øyret og late som om ein lever eit anna liv ein annan stad og kven ein er saman med og slikt. å vakne til nytrakta kaffi, nybakt brød(scones, bollar) og ei fersk avis. å gå ut i vinden og opne jakka opp og late som om ein flyr. ryan gosling.

eg et helst smoothies, salat og pasta. og vafler, kveitebollar, ballerinakjeks og scones. og avocado, sogndalsepler, raude eller blå druer, bananer og cashewnøtter.

eg seier ja til vinkveldar med fine folk, å fare på fest med fine folk, fotooppdrag, skriveoppdrag, å lese høgt til veslebror min på 10 (og til veslebror min på 9 og syster mi på 10), å lage sveler og koke kaffi, å komme på besøk sjølv om det er ein time unna og bussen går om ti minutt. til alt som gjer meg og dei rundt meg glad.

eg seier nei til kvitteringar, posar på butikken (som regel), å ta sider i saker eg ikkje har noko med, å klippe håret mitt kort, kjøtt og absinth.

eg er flink til å seie litt småteite ting for å få folk til å smile og løsne opp stemninga, le høgt og smile, lage pastasaus, drikke kaffi, utsette konfrontasjonar, ta eit steg tilbake og puste ut og tenke meg om. stå for det eg meiner og seie i frå om eg må.

eg irriterar meg over folk som seier at eg ikkje får nok jern, b12 eller protein i meg fordi eg er vegetarianer, folk som må fornedre andre for å få det betre med seg sjølv, folk som sjikanerar folk med downs syndrom på internett (skam dykk!), dobbelmoralisme, egosentrisme, lærerar og arbeidsgiverar og generelt maktpersonar som misbrukar makta si, frp, og orkanen berit.

eg les båten om kvelden av tarjei vesaas, bøkene som ligg rundt om kring på rommet mitt (på golvet, i bokhylla, på bordet, i senga), diktsamlingar, skjønnlitteratur og nekrologane i lokalavisa.

eg er finast når eg er lukkeleg anntar eg. litt halvfull med stjerner i auga, latter i halsen og i litt for høge hælar. kanskje.

eg ler av dårlege vitsar, kleine situasjonar (i etterkant), fine minner og tåpeleg argumentasjon.

eg er ein typisk nostalgisk slutten-av-tenåra jente, med raud lebestift, svart eyeliner, gamle kjolar, med speilrefleks, fransk ordbok og pulverkaffi i veska.

eg har aldri tatt bil sertifikatet, men det må eg nok gjere no ganske snart (for det går nok ikkje å køyre moped i desember). vore utanfor europa eller latt andre få bestemme kva eg skal gjere.

eg er glad for at eg har mammaen min, søskena mine og besteforeldra mine. alle saman. at eg er ein av dei menneska som greier å halde kontakta med folk sjølv om ein flyttar vekk og ikkje ser kvarandre så ofte. at eg tar ansvar og er sjølvstendig, sjølv om det er skummelt.

eg trivst ikkje i kleine situasjonar eller konfrontasjonar. då blir eg veldig klein og får ein sånn snodig nervøs latter. å vere rundt store folkemengder over lengre tid. eg treng stillheit.

eg er redd for at noko skal skje søskena mine og dei folka eg er glad i.

eg elskar å reise, oppleve nye ting, møte nye folk, skrive, fotografere og å terge veslebror min på 18.

eg set pris på lånekassesystemet, vennane mine og alle dei som trur på meg.

eg trur på at alt som skjer fører med seg noko nytt og godt, at ein må ta det som det kjem, på albert einstein og at alt ordnar seg til slutt, om ikkje heilt slik ein hadde sett det for seg.

translation:
a list i borrowed from hjartesmil, because it was so beautiful. translation to come later. 

6 comments

  1. Kathleen

    Elsker beskrivelsen din av typisk slutten-av-tenåra-jente. Selv var jeg TRASH da jeg var atten-nitten.

  2. Nøve

    Haha, jeg tenker også på lånekassen først når jeg tenker på ting jeg er takknemlig for. Fin liste!

  3. June

    Svar: Veska, og forsåvidt alt det andre også, er fra topshop. Dustetopshop som ikke sender til Norge :(