.

vi trampar gjennom gatene saman. galloperar nesten, men ikkje heilt. alt er kaldt og stilleståande, og verda er løynd mellom dis og skodde (som eigentleg er ein og samme ting, men det kjennest ikkje alltid slik, og i alle fall ikkje no). vi seier ingenting, berre går der i mørkret og er einsame saman. når vi set oss ned om litt, då skal vi prate. om den der teite burde burde reklama og den jarlsberg reklama som faktisk er ganske sexistisk (kjøp din eigen jævla ost). og vi skal snakke om at vi endå er her, akkurat her og kor utruleg stilleståande absolutt alt kjennest når ein tenker på akkurat det, og korleis det nesten verkar som ei æve til vi får sjansen til å komme oss her ifrå. det skal vi snakke om, og om teite gutar og fine gutar og om universet.

det er så seint at alle hus er mørke. ikkje eit einaste vindaug har lys i seg, og gatelyktene er sløkt også. for alle veit at det ikkje er nokon ute på denne tida av døgnet uansett. ikkje her. det er sølepyttar på bakken og vi går berføtt gjennom dei. hoppar i dei og sparkar i dei. slike ting vi eigentleg er for gamle til å gjere, men ikkje kan la ver. som to småungar dansar vi ein eigen sølepyttdans i den svarte verda som er der vi er og der vi bur og der universet er. for no i alle fall, om ikkje for alltid. og vi ler, for vi veit ikkje kva anna ein gjer i slike situasjonar og så spring vi vidare til vi kjem ned til fjæra og fyrst då set vi oss ned.

du seier du er lei av alt og alle. lei av postkontoret og av remaen. lei av asfalten utanfor huset ditt, som er holete og smuldrar. du er lei av lyset som kjem opp mellom fjella kvar morgon når natta gir etter, og du er lei av månen som nesten alltid skin på same stad på himmelkvelvingen. og eg seier eg forstår, for eg føler det samme, og så ler vi. høgt og hysterisk. for det er det einaste vi kan.

 

One comment