januar 1901| death & life

AMCADIG_10310847789LESSING_ART_1039902864

Bilder: 1. Januar (Kalender), 1901 av Gustav Klimt. 2. Death & Life, 1910 – 1915 av Gustav Klimt 

eg forsvann. eg har ein tendens til å gjere det no og då. forsvinne. frå folk og stader. det er enkelt. beroande. det var hausten som kom og tok meg. slukte meg i timar fordelt på lesesalen, i seminar og på forelesningar; timar og dagar og helger med frilansarbeid; øl og vin og sigg. og mykje har skjedd og mykje skjer. til dømes vart diktet mitt “KVAL” publisert i litteraturtidsskriftet LASSO si siste utgåve i 2014. og eine bilde eg tok av Greenland Whalefishers i oktober vart i november publisert i MASS PROD sitt fanzine magasin PUNKULTURE i frankrike. veslebroren min sitt band, The Dandelion Deadbeats, vann bandwagon konkuransen 2014 og eg vart så stolt at eg grein offentleg for fyrste gong sidan 2012.

ellers har eg tatt 40 studiepoeng og gjort det bra på skulen. eg var i bergen tre gongar, to gongar for å ta bilder, ein gong for å besøke veslebror (21) og kristin og for å danse på scena. då det kjendes ut som om hausten skulle få heilt overtaket reiste eg og viktoria vekk og parterte ein elg, drakk raudvin og diskuterte prosjekt som vi tar med oss inn i det nye året. eg har sklidd på isen, tryna med handlevogn ned bakken mot birkelunden. drukke habanero-tequila og jäger. dansa til the rolling stones og the animals på revolver. drukke øl og snakka tull på cafe sara. skråla tekstane til MEXICO av lynni treekrem med marie og maren gjennom gatene på st.hanshaugen. fortapt meg i onkelp og den fjerne jævla slekta. sett lykke li halde den mest eksplosive og estetiske konserten eg nokon sinne har sett. i bunn og grunn forsvunne inn i meg sjølv og mitt eige. og det har vore så jævla bra. alle blåmerker til tross.

likevel er det litt godt at 2014 er over og at 2015 (som bokstaveleg starta med eit pang, då rakettane fauk mot oss og ikkje mot himmelen (det gjekk bra med alle)) er her. klarar eg dette semesteret er der ein god sjanse for at eg blir ferdig med bacheloren min eit halvår tidleg. ein tanke eg har blanda kjensler over; eg vil liksom ikkje gje slepp på blindern heilt endå. er for glad i studentlivet. for glad i å sitte time etter time på lesesalen på sophus bugges, drikke kaffi bak niels med rådet og fare på pubquiz på ugla annakvar onsdag – eller, i det minste prøve å fare på pubquiz på ugla annakvar onsdag. tida vil vise kva eg får til. eg blir litt småleg stolt over meg sjølv om eg klarar bacheloren på mindre enn tre år (men sjølvsagt berre dersom eg blir ferdig med eit godt snitt). komfortsida mi ligger i pretensiøs akademia og eg veit ikkje kven eg er utan det lenger.

og så skal eg frilanse meir. minst fem, muligens seks, frilansprosjekt ventar meg denne våren, og eg har tatt steget å registrert meg som enkeltpersonsføretak. FURORE | Tekst & Fotografi. skumle saker eg er stolt av. 2015 blir eit år med kaffi og arbeid. kristin er, som alltid, redd for at eg tar på meg for mykje. og det gjer eg sikkert. men eg likar å vere oppteken. likar å forsvinne i jobb og skule. eg fungerar best under press. har det best når eg er hektisk.

denne våren skal eg blant anna lese Faust, Voltaire, Flaubert og Dostojevski. eg elskar Dostojevski. eg skal også lese om moderne estetisk teori; om ranciére og den emansiperte tilskodaren. om kunst frå 1950 til 2000; habermas, post-modernisme, avant-garde og kitsch. og så skal eg ta opp att eit fag. kva eg klarar å faktisk få til veit eg ikkje. eg er ingen sta person, men eg er målbevisst. flink til å ville og få til det vil. så lenge eg har pengar til kaffikoppen min og ein pakke sigarettar er eg som regel nøgd med livet.

blogging kjem nok til å skje sporadisk. eg skal prøve å ikkje forsvinne att. skal prøve å halde oppdateringar om korleis det går med frilansing og skule og livet.  det blir nok mykje kunst, mykje litteratur og MYKJE skamlaus sjølvpromotering. saker som må til.

godt nyttår!

3 comments

  1. susanne

    (hurra! oppdatering! elskar bloggen din.)
    men så: godt nyttår til deg!
    og: herregud gratulerer med enkeltmannsføretaket!! heiar på deg!

  2. Synne

    Det virker som at du har gjort mye fint og gøy og spennende siden i sommer, og jeg håper 2015 blir alt du ønsker deg! Stas med eget foretak og mye frilansing, da – jeg vet hvordan du har det, hihi! Krysser fingrene for mange utfordrende oppdrag, mange kaffekopper og vinglass og mye hektisk hygge fremover!