sycamores and owls and ultraviolence

Skjermbilde 2014-06-24 kl. 13.32.54

1. er tidvis i oslo og tidvis heime. har hatt sommarferie sidan 4. juni, flytta frå det blå huset til ein liten sentrumsnær krok og til og med endeleg funne søppelrommet og postrommet. har slutta i jobben på bensinstasjonen og leitar etter ny. leser helle helle sin “dette burde skrives i nåtid” og høyrer på lana del rey sitt nye album. jobbar med pitch og moodboard til eit nytt fotoprosjekt som skjer denne sommaren. det lynchiesque og dunkelt og spennande. les artiklar om tårekunst og drikker øl og kaffi på buler rundt om kring i oslo med folk eg ikkje har sett på alt for lenge. brune buler er bedre enn hipsterfiserte utestader.

2. har meldt meg opp til fag til hausten. 40 studiepoeng fordi eine eksamenen gjekk ikkje denne våren. sånt skjer. skriv ned pensumbøker. frå august av blir det tysk estetikk, barokk og modernisme og avant garde og surrealisme. det blir proust og kafka og joyce og woolf og dylan thomas. blir bra. gler meg til studiestart og gruar meg til eg er ferdig med bacheloren, sjølv om det er to år til. blindern er bra. gjengen er bra og kaffi bak niels er alltid bra.

3. snart er det malakoff att. og bedre enn det blir det jo ikkje.

Foto: Rose-Lynn Fisher

5 comments

  1. Milla

    Åh. Den artikkelen om tårekunst. Får frysningar bare eg tenke på den. Masse lykke te videre med studeringå di på høsten, men før det kos deg i sommar med kaffi, øl, sommardagar og god musikk på Malakoff 😉

    • Kristina Kvåle

      takk, takk! tårekunst må vere sommarens finaste oppdaging, så sjukt nydelig! god sommar til deg også, og til lykke og lykke til med lisje prinsen i magen!

  2. Ingvild

    Oslosommer høres så fint ut…. <3 Nå kjenner jeg at jeg gleder meg litt til å flytte til Tigerstaden til høsten… 😉

    Så fint design du har forresten! Og du skriver på nynorsk. *jegerforelsket*