& the owls are not what they seem

Skjermbilde 2014-04-20 kl. 16.52.31Skjermbilde 2014-04-20 kl. 16.53.34Skjermbilde 2014-04-20 kl. 16.53.06

eg reiste heim i nokre dagar, frå solfylte oslo til nordfjord der det var ekstremnedbør og storm alle dagane eg var heime. det var søndagsmiddag med bestemor og bestefar & pubquiz på jibben. vi kom på fjerde plass. så reiste eg tilbake til oslo for å jobbe og å finne ut at alle eg kjenner har rømt hovudstaden for å vere på hytta eller i bergen eller heime, og eg har jobba, sett på twin peaks og lagt på terrassen med solbrillene eg kjøpte for ein hundrelapp på monki i mars berre fordi eg tenkte slike solbriller ville bianca jagger gått med. mine to største stilikon, om eg skulle sei eg har nokon, må vere bianca jagger og patti smith. og om eg skulle sei eg prøva meg på nokon som helst type stil, så er det dei to møtt på midten.

ellers les eg how the soldier repairs the gramophone av saša stanišić, som eg kjøpte i praha for nesten fire år sidan, men som eg endå ikkje har lese. eg hører på honningbarna og skambankt og seigmen og kjenner freknene ta feste i andletet mitt og på skuldrane. går i skinnshortsen eg kjøpte på malakoff for nokre år sidan og ser at eg må ha gått ned noko i vekt, for den er lausare enn den nokon sinne har vore. det er slike ting som skjer med tida antar eg.

alt er stille og alt er lyst og våren lar ikkje vente på seg lenger, for den er her. eg har endå ikkje lese ut forrige vekes morgenbladet og ventar berre på at påska skal bli over så eg kan vere sosial att. ikkje at det er noko feil med å ha tid åleine; å drikke italiensk raudvin med malerietikett medan ein ser twin peaks om kvelden. det er vel aldri feil å la seg svøpe vekk i david lynchs bisarre estetikk? aldri feil å vere litt skremt for å sovne fordi bob er skummel & the owls are not what they seem. eg lurer på korleis det er å vere david lynch. korleis hjernen hans fungerar. korleis han tenker når han lagar filmar som mulholland drive eller seriar som twin peaks. eg lurer på kor mange gongar eg klarar å skrive orda twin peaks i denne teksten.

dagane før påske brukte eg saman med hanne, som har flytta heim frå LA, og alice, som var på besøk. det var kaffi og øl og slæddis og slikt som blir når ein nesten aldri møtes lenger. det er rart å tenke på at vi nærmar oss slutten av april. at det snart er eksamen att, at eg har siste innleveringsfrist i britisk litteratur om berre to veker. at det snart er sommar og malakoff og roskilde og eit fotoprosjekt eg nyleg fekk tilbodet om å vere med i. av og til blir eg redd for at tida skal gå så fort at alt skal ha skjedd allereie. at eg liksom har gått glipp av det. at det er august i morgon og eg berre tenker tilbake på våren og sommaren som noko tilbakelagt. redd for at vinteren skal komme å ta meg.

One comment

  1. Ida Therese

    “av og til blir eg redd for at tida skal gå så fort at alt skal ha skjedd allereie” Fint! Jeg liker det du skriver:)