the paris review

1801254_10152212835630742_1822528087_o

ein. eg står opp tidleg. typ sju eller åtte, seinast ni. det er ikkje så vanskeleg om eg har to alarmar på med omtrentleg eit kvarters mellomrom, så eg kan sove litt til om eg vil. dessutan har eg byrja å sove med gardinene oppe, så når alarmen ringer er det lyst i rommet og det er vanskeleg å la seg svøpe tilbake til der eg var før. nokon dagar går eg på trening, men det blir litt sporadisk, litt alt ettersom kva som skjer akkurat den veka. men eg prøvar og blir overraska over meg sjølv for alle slike små, kvardagslege seirar. som å bruke tjue minuttar av morgonen min på å pusse skoa så dei blir ordentleg svarte og blanke og fine att. å hugse å dra trumfkortet før eg betalar. å faktisk ete frukost – ordentleg frukost – kokte egg på rista brødskive med kaffi og eit glas mjølk til. å gidde å bruke tanntråd etter at eg har pusse tenna. men kanskje mest av alt; å reie opp senga om morgonen når eg står opp. eg sender snap til mamma og spør om eg får vaksenpoeng for struktur og ståpå vilje. får skeptisk mja… tilbake og er nøgd. forresten kan eg avsløre at dagen har ein tendens til å bli finare, dersom ein står opp tidleg. [eller kanskje det, som det meste av det meste, er ein ynde forbeholdt våren. alt er tross alt litt bedre og litt vakrare og litt enklare om våren. til og med dei vanskelege tinga]. eg likar å vakne til lyset.

to. eg les the paris review. det er blitt ein slags tradisjon. ein luksus eg tillater meg om morgonen medan eg samlar opp vaksenpoeng og forberedar meg til å ta tbanen til blindern for å vere produktiv. det er så behagleg. til og med i nettformat, og eg les om djuna barnes og forfattarar som enten er døde eller lever. dikt og noveller, klikkar meg inn på dronning victoria si dagbok, som no ligg ute på internett og drøymer om å ein gong skrive for dei sjølv. dessutan er det lov å byrje dagen med kaffi og knekkebrød og the paris review. for det er jo eit litterært tidsskrift. og eg studerar jo litteratur, så vel som kunst, og eg klarar ikkje å la ver. på lista over ting eg ønsker meg til fødselsdagen min om ikkje lenge står det lp-spelar, morgenbladet abonnement, the paris review [gjerne abonnement] og solsikker. på tbanen prøver eg å lese bøker. leste heile det handlar om dig av sandra beijer på tbana. fram og tilbake. [den er forresten veldig god og veldig fin]. i forelesningane drikker eg lunka kaffi og skriver. litt notatar, men for det meste løynde, skjønnlitterære tekstar ingen får lese. kvar dag er eg innom lesesalen og prøver å vere produktiv, men blir avbrutt av telefonar eller meldingar som skjuler innbydelsar til kaffi og kjederøyking. samla og åleine har det blitt ein overvekt av timar brukt i ivar aasens hage med sola i andletet, korrupterte lunger og diskusjonar som varierar med alt frå obskure regissørar på 60- og 70-talet til naturvern. eg visste at denne bacheloren ville gjere meg [meir] pretensiøs. eg er ei av dei no, ei av dei pretensiøse humaniora jentene. før bacheloren er over finn de meg vel i fransk beret og raude lakksko. eg ringer mamma på kveldane og ho fortel om livet heime, om studiane sine og om korleis det går med veslebror. eg har frysaren full av laksefiletar etter at det var salg på joker og eg brukar kveldane på å utsette å skrive formalanalysen om giottos fresco maleri i arena kapellet samanlikna med takmaleria i ål stavkyrkje.

bilde: Ernst Ludwig Kirchner, “Lovers in the Library.”

One comment

  1. susanne

    kan vel ikkje heilt seie kvifor eg tykkjer det, men dette var vakkert. og inspirerande.