onsdagar i oslo

1260853_10151946405091423_1881305031_nuglebo. det er øl og quiz med stor z. vi svarar feil oftare enn vi svarar rett og når vi svarar rett er det mest fordi matta er med og han kan alt. vi gjettar på gatenamn og fotballag, blankar på titlane og artistane til låter vi kan så godt, men likevel ikkje kjem på kva heiter. mistar konsentrasjonen og gløymer å følge med. går i baren og kjøper meir øl. tar røykepauser. snakkar om livet og alt som er inkludert i det vesle ordet som rommar så mykje. går inn att og svarar feil på fleire spørsmål, drikker meir øl, havnar ein stad i midten på plasseringa. nokre gongar så høgt oppe som på tredje plass. av og til heilt sist. feirar seier, tap og middelmådighet med meir øl og meir latter og meir prat. vi er meisterar i å prate. gjerne høgt og bombastisk, helst med så mykje innlevelse at trynet vrir seg i engasjement.

det stenger og vi ramlar vidare. tar trikken til bislett, går på fluga eller underwater eller laundramat. meir latter, meir øl, meir sigg og meir prat. pratar om olav duun og hadia tajik. om beyoncé og mick jagger, putin og obama og generelt alt som måtte komme opp av digresjonar. ramlar vidare og spring gjennom gatene. knuser ølglas i asfalten berre fordi vi kan. det er ein slags katharsis. går gatelangs og seier hadet til folk som hoppar av på vegen. kjøper falafel på det fyrste og beste gatekjøkkenet vi finner. kjederøyker oss håse og ropar ut at ting er pønk. at det er kickass. at det er maddafakkings sånn det skal vere. finner ein stad som endå er open. det er ikkje viktig kva eller kvar så lenge dei spelar musikken vi ber om og så lenge vi får danse. dansar til stengetid og vaknar opp til trøtte torsdagar med fulle tbanevogner, treige forelesningar og fylleangst-kaffiar på kafé niels. eg får liksom ikkje til å klage.

foto: mariel hansen

2 comments