du söker bråk, jag kräver dans

5455418522_ccb34ca48b_z

eg høyrer på linnea henriksson sitt nye album. drikker kaffi med viktoria og sara. kniser. ler. smiler og siggar kanskje litt for mykje. det er sol og det er berre litt snø her og der. vi setter oss på ein benk i sola og lar den varme oss opp innanfrå og ut. om det blir kaldt igjen no, så går eg i hi og kjem ikkje ut før ein gong i mai, seier eg til viktoria og ho er einig. vi går vidare. viktoria på harriet holters hus for seminar og eg på sophus bugge biblioteket for å lese. lese britisk litteratur. arcadia av stoppard og the dead av james joyce. må byrje på fyrste utkastet mitt snart. må velge oppgåve snart. skiftar til kunsthistorie. høyrer på podcastane frå forelesningane eg ikkje har hatt mulighet til å gå på. stressar. så jævla mykje å halde styr på. har vore så alt for dårleg student den siste tida. men det er måndag og sol og planane for veka byrjar å slå seg fast. jobb, øl, kaffi, seminar, forelesning,  kino osv. fuglane kvitrar og trestammane opp til humanistisk fakultet er dramatiske og mosegrønne. måndag og kaffi og vår. eg går eigentleg berre å ventar på mars.

translation:
it’s monday and the sun is out and i’m drinking coffee with friends, trying to catch up on my lectures, waiting for march to replace february. 

foto: hanna kristina metz

One comment

  1. Karoline

    Slike måndager som ikkje er så blå er så himla viktige. Vart riktig glad av å lese innlegget. Og hurra! Nytt album! Ha ein fin måndag vidare, og hald ut, det er snart skikkeleg vår og mars.