& vi snakka om framtida som noko perifert og spennande som vi ikkje heilt visste kva var


“faen, skal vi går på kafé i staden?” det er ein måndag i november og året er 2010. klokka er to og eg har eigentleg dobbeltime i religion. vi står ute på baksida av skulen og røyker. alle dei andre er ferdige for dagen og eg er den einaste som endå har timar. eg latar som om eg tenker meg om. reknar ut kor mange prosent fråver eg har i RLE no eigentleg. alt for mykje. alt for mykje av den grunn at dei andre er ferdige klokka to og eg er den einaste som endå har timar og difor så går vi på kafé i staden. “ja, fåkk it” seier eg og ler, stumpar røyken og spring inn for å hente tinga mine i klasserommet. eg raudmar litt når eg kjem inn og dei i klassen min ser på meg og dei veit at eg skal skulke. forsiktig pakkar eg saman sakene mine og går ut. prøver å gjere det så stille og umerkbart som mogleg, men alle får det med seg uansett. utanfor klasserommet står sissel og ventar, “er du klar?” spør ho og eg nikkar. vi finn dei andre og går. ut dørene, ned bakken og gjennom kirkegården. alltid gjennom kirkegården. det er tross alt den raskaste vegen.

medan vi går gjennom eidsgata snakkar vi, om ting som skjer, lærarar som er teite, lærarar som er bra, crushar vi har, kven som gjorde det og det på den og den festen i helga. vi er atten år og har berre nett byrja å lære oss omfanget av konsekvensar. vi stansar ved moengården. spørsmålet er enkelt men likevel komplisert. pubben, cats, didriks eller nye moengården? pubben er koslig og billig, cats er rett opp trappa, didriks er hipster og kult og nye moengården er rett ved sida av polet. vi landar på nye moengården. pubben er mørk og litt trist på dagtid, cats er litt… grått, didriks er alltid fullt og nye moengården ligger rett ved sida av polet.

vi valsar inn på kjøpesenteret, fire i breidda, som den hæren av hormonelle tenåringar vi er, men nektar å innrømme at vi er. valg av bord er viktig. ikkje for langt ute, då blir vi berre forstyrra av forbipasserande og folk kan overhøre kva vi snakkar om. ikkje for langt inne, for då sit vi ved sida av toaletta og det er relativt uønskeleg. midten er perfekt og vi finn eit bord med to stolar og ein sofa. så bestiller vi kaffi. svart. ikkje noko tull. gloheit. og vi sit der i over ein time. snakkar om at vi skal ut i helga, at vi kan ha vorspiel på hybelen min (som vi alltid har). minst ein gong i timen nemner vi kor glad vi er i kvarandre, og vi byrjar å snakke om planane våre for det kommande året. kven som skal kva og kor suksessfulle vi skal vere og korleis vi på ingen måte nokon sinne skal miste kontakta, for dette er venskap som varer og varer og varer. og vi snakkar som om vi skulle vere for alltid. som om uansett kva som måtte skje, med unntak av død, så ville vi bestå som vi var i det augneblikket. saman om enn separerte. som om framtida var ei løynd makt vi haldt i hendne våre, noko perifert og spennande som vi ikkje heilt visste kva var, men det var bra og det var vårt og det var evig. så sa vi hadet og klemte kvarandre. og eg gjekk på rema og handla first price nudlar og wok. gjekk heim til hybelen, såg tre episodar av gilmore girls, gjorde leksene i politikk & menneskerettar, røykte i trappa ned til inngongsdøra, snakka i telefonen med kristin i to timar og det var alt og det var livet og det var slik 18 føltes.

translation:
thinking back to when i was eighteen and living by myself, going to high school and dreaming of the future, skipping class to have coffee with my friends, planning parties at my place, thinking that the world was ours to take and how it felt to be eighteen.

2 comments

  1. Iromie Stephany

    18 var ikke slik det føltes for meg (er tross alt bare 19 nå), men akkurat sånn føltes 16 for meg! alt var nytt og spennende og jeg dreit i hva alle andre sa og gjorde akkurat det jeg følte for (noe jeg gjør ennå, er bare litt mer fanga i “voksenlivet”) og når jeg ser tilbake på det så har jeg ingen av vennene mine jeg hadde da, men jeg har en håndfull nye som jeg elsker av hele mitt hjerte og som jeg ønsker blir i mitt liv lenge. åh.

    • Kristina Kvåle

      seksten var litt annleis men eigentleg ganske likt for min del. då var vi på festar og drakk og dansa og hadde ingen konsekvensar eller bekymringar, og samstundes så har eg aldri i mitt liv vore meir vaksen eller visst så mykje, som då eg var 16. og slik er det litt no når eg ser tilbake til å vere 18. vi gjorde ting fordi vi kunne, og vi hadde ansvar for eige liv osv, men når eg ser tilbake i retrospekt no, snart 22 år gammal, så ser eg liksom litt gjennom det, eg ser kor enkelt det var det siste året av vgs. korleis vi berre gjekk å venta på at framtida skulle komme til oss og vi skulle bli ordentlege voksne, vi ville leve livet og eg syns det er ganske fint å sjå tilbake på kor naive vi var då, samtidig som vi på det tidspunktet aldri hadde vore mindre naive i livet. eg er endå god venn med dei som eg omtala i akkurat denne teksten, om vi så ser kvarandre berre nokre ytterst få gongar i året og til tross for at vi sjeldan snakkar. eg trur det er viktig å tørre å behalde dei vennene ein har frå før samstundes som ein vekser og får nye venner. og eg trur det er ganske fint og viktig å sjå tilbake til kor ein var og kva ein gjorde på for kanskje to eller fire år sidan, for då får ein, i alle fall eg får det, perspektiv over kor langt ein har kome sidan då og ein ser kva ein vil tydlegare. det blir ein slags motivasjon for framtida det å sjå tilbake til fortida. (for å vere litt overstadig pretensiøs og sitere søren kirkegaard: livet forstås baklengs, men må leves forlengs).