& våren lar vente på seg.


torsdag. det snør og snør og snør, og eg fyrer i peisen, drikker kaffi og vaskar kle. burde eigentleg få meg ut av huset. burde eigentleg reist på campus og kjøpt resten av pensum. burde eigentleg forberedt meg til forelesning i morgon, burde burde burde. men eg er sjukmeldt denne veka og det er så sjukt kaldt. og eg har frilansarbeid som eg må gjere, og frilansarbeid eg må planlegge, og artiklar som må skrivast og rekningar som må betalast og likevel føler eg meg som den lataste personen i heile vide verda. kristin sukkar tungt i telefon og seier eg ikkje må slite meg ut og eg seier neida. eg berre studerar 100 % og jobbar tre dagar i veka og frilansar og prøver å oppretthalde det sosiale livet mitt. og eg føler meg lat. heile tida. får liksom aldri gjort alt eg skal til den tida eg burde gjere det. får liksom ikkje vaska skittentøyet før det ikkje fins nokre like sokkar att i skuffen. så denne helga og veka skal eg skjerpe meg. gjere alt som ikkje blir gjort fordi det er så mykje meir fristande å sjå alle tre sesongane av sherlock. skjerpings skjerpings skjerpings. terpings terpings terpings.

neste helg reiser eg til bergen. det blir bra. eg skal bu hos kristin, kose med kjersti og alle godingane eg ikkje har sett på hundre år. danse i fødselsdagsfesten til camilla og atle-hjørn. muligens har eg ein fotojobb. det blir godt å komme til bergen. på måndag sat eg og åshild og såg sesongpremiera av girls og åshild spurde meg om kanskje bergen skulle bli min by og eg sa nei. for eg elskar bergen, verkeleg, men det er for lite. oslo er for lite. roma var nesten for lite. eg treng anonymitet. treng å kunne gå meg vill. treng å ikkje kjenne folka eg sit på bussen med. og til tross for kor herleg bergen er, så er det ikkje anonymt. men det blir bra. bra å få klem av jon erik. brabrabra.

ellers drikker eg kaffi. ringer mamma og seier “hei, seie te godt?”. merkar at dialekta mi blir utvassa. merkar at oslo nok ikkje er min by for alltid, berre akkurat no. tenker det blir rart og fint å flytte om to år. for det må eg. eg som knapt nok klarer å bu ein stad i meir enn seks månadar, maks eit år, eg som no har bunde meg fast til denne vesle storbyen. må vidare. det er to år til, men på kveldane når eg eigentleg burde skrive eller redigere eller lese eller planlegge, tar eg meg sjølv i å sjå på flybillettar, researche storbyar. researche jobbmuligheter. eg planlegger livet medan eg prøver å leve det. tenker på då eg var liten, og vi flytta igjen (eg elskar å flytte) og mamma smilte og sa “vi er vagabondar, vi”. er det lov å vere vagabond og flyttesjuk og endå sakne mammaen sin på vestlandet?

translation:
it’s snowing continuously. i light the fireplace, drink coffee and do the laundry. i ought to get out of the house. ought to go on campus and buy the rest of my school books for the semester. ought to prepare for tomorrows lecture. ought to ought to ought to. but i’m on sick leave this week and i have a lot of freelance stuff i need to finish and plan. articles to write, bills to pay, and still i feel like the most lazy person in the whole world. kristin sighs at me and tells me to not work myself too hard and i reply that i won’t. i promise. after all i’m only a full time student who works three days a week, freelances as a writer and photographer whilst trying to not lose my social life. and i feel lazy. all of the time. i just can’t seem to be able to do the things i need to do when i need to do them (yes, i am paraphrasing greta gerwig in frances ha). for instance, i never can seem to do the laundry until i have no similar colored socks left in the drawer. so i am going to get a grip this weekend. do all the things i keep postponing. next weekend i am going to bergen. i can’t wait. i’m going to stay at kristin’s, meet all my friends whom i haven’t seen in ages, celebrate my aunt and uncle’s birthday. hug my brother. 

2 comments

  1. Ragnhild

    åh, så nydelig skrive. du sett ord på mykje viktig. har stor tru på at å ta det med ro og ha late dagar ofte er det beste ein kan gjere for seg sjølv, og for verda :) gåvene vi har å gi kjem frå hjartet, når vi er klare for det. resten er etter mi meining vestelig vrøvl som er totalt uviktig. god bedring :)