2013.

(sidan 2013 eigentleg ikkje var eit veldig bra år for meg og ting ikkje var så bra, så har det liksom ikkje vore noko stort poeng i å lage ein kavalkade ut av det heller. men til tross så lånte eg denne lista frå sandra, så her kjem eit lite innblikk i korleis dei førre 365 dagane var)

gjorde du noko i 2013 som du aldri har gjort før?

eg flytta til oslo, byrja på fotoskule, byrja skrive fast for oh chérie, tok eksamen, var midlertidig heimlaus, byrja på universitetet

kva for land besøkte du?

ingen. føler litt at det er sjølve symbolet på nettopp kor blakk eg var dette året og kor gjennomsnittleg dårleg det var.

kva var din største framgong i 2013

hadde ein tydleg framgong fotomessig. fann ut kva eg vil gjere med livet mitt, sånn ordentleg, og korleis eg skal komme dit. blei mindre sjenert.

det beste kjøpet?

den svarte kjolen eg kjøpte på monkii i oktober. enkel, fin, kjærleik.

gjorde noko deg oppriktig glad? 

eg fann ein ny plass å bu etter ein sommar med loffing og angst. og ikkje berre var det ein plass å bu, men kanskje det beste eg nokon sinne kunne fått. å sjå janne igjen malakoff helga. å besøke søskena mine haugesund, som eg ikkje hadde sett på over eit år. det gjorde meg kanskje mest glad av alt i heile verda. 

var det noko som gjorde deg trist?

masse. som å gå i begravelse til ein liten engel med eit alt for kort liv. å ikkje finne nokon plass å bu. å sjå at eit forhald ikkje fungerar. å vere blakk. som faen.

kva for sangar vil alltid minne deg om 2013?

Highasakite – Winners Don’t Come Easy
Fergie – A Little Party Never Killed Nobody (All We Got)
Norlie & KKV – Tröjan du hatar
Ex Vivian – Is It Possible
Peter Sarstedt – Where Do You Go To My Lovely

var det eit bedre eller eit verre år enn før?

verre.

kva skulle du ønske at du hadde gjort meir?

tatt fleire bilder. hatt fleire fotoprosjekt. skrive meir. dansa meir. ledd meir. drukke meir champagne. klina meir. lest meir.

kva skulle du ønske at du hadde gjort mindre av?

stressa.

blei du forelska i år?

ja. eg var saman med ein veldig snill, søt og poetisk svenske i nokre månader. og det var veldig fint, og sjølv om det vart slutt fordi forelskelsen dabba av og ting ikkje fungerte, så er vi endå venner og det er ganske fint.

Favorittprogram på TV?

girls.
doctor who.
don’t trust the b**** in apartment 23
game of thrones

årets beste film?

frances ha! herregud. følte det var livet mitt i ein svartkvitt indiefilm. også har eg tidenes girlcrush på greta gerwig!

årets finaste bok?

the fault in our stars – john green.

fekk du noko du ønska deg? 

doc martens til jul!

kva gjorde på fødselsdagen din?

fyrst vart eg vekt midt på natta av nokre herlege kompisar heime som sang gebursdagsangen til meg og sa at dei sakna meg. så fekk eg kake servert av jossan som eg budde med på tidspunktet. dagen etterpå brukte eg og stine på å ete stratos, drikke tuborg og sjå doctor who. og det var himla fint.

kva ville gjort året ditt bedre?

om eg ikkje hadde vore så blakk som eg var ei periode, slik at eg slapp å jobbe så mykje og kunne fokusert meir på skulen og på venner. om eg hadde vore meir strukturert. det var mykje som skjedde og vart gjort i 2013 som gjerne kunne vore gjort annleis og bedre.

kva gjorde at du hadde bra. 

svensken i den perioden det varte. vennar. øl. sommaren.

saknar du noko frå 2013 som du vil ha i 2014?

kanskje motivasjonen eg hadde på slutten av sommaren. haldninga om at no må ting ordne seg for no er eg lei og der fins ingen alternativ.

kva for kjendis var du mest forelska i?

ryan gosling og adam driver.

kven sakna du?

mamma og janne.

dei beste nye folka du møtte?

trur kanskje eg må sei stine og åshild. jævla bra flickor.

Högsta önskan just nu?

at eg leverte skattekortet i tide. at eg får fri den helga eg skal til bergen. at eg står på den eksamenen som det endå(!) ikkje har kome sensur på. at 2014 knuser 2013 så grådig ned i støvlane.

2 comments

  1. Ida Therese

    Alle år kan jo ikke være bra hele tiden, men jeg syns det virker som om du har gjort en god jobb^^ Fin liste forresten, tror kanskje jeg låner den!