& the christmas tidings & the new years resolutions & all the tired people

Skjermbilde 2013-12-28 kl. 15.56.49

eg sit på mine siste tjuefire timar heime på vestlandet. juletredet lyser endå og julestrømpene henger skeivt på kaminen. veslebror éin ser på film og veslebror to spelar mindcraft og eg berre sitter her. kanskje er det ein direkte konsekvens av å flytte vekk og leve eit ulikt liv ein anna stad, men det er travelt å reise heim til jul. kosleg, fint, deilig, men travelt. om tjuefire timar pluss minus sit eg på flyet tilbake til oslo og i dag er den fyrste dagen sidan eg kom der eg eigentleg har ingen planar eller ting eg skulle gjort. (eg seier eigentleg for om ein times tid tutar vi bort til bestemor og bestefar på kaffibesøk, og før idag åt vi julebrønsj med familievennar, men alt er jo relativt osv).

denne jula har eg kosa med hunden, besøkt alle fine små eg er “tante” til og gitt juleklem til onklar og tante og besteforeldre og sambygdingar. eg har drukke raudvin og dansa i full storm. skråla med til vestlandsfanden på vorspiel med mennesker eg har kjent sidan fødselen. eg har tatt ferja til den finaste plassen eg veit å vere og besøkt familien som eigentleg ikkje er min, men som er det litt likavel. og vi har ete meir mat enn menneskleg mogleg, grilla i grillhytte, spelt twister og besserwisser til langt på natt med simon & garfunkel knitrande på vinyl i bakgrunnen. og det har vore ei så utelukkande kosleg og fin jul, at eg nesten høyres urealistisk ut når eg snakkar om det.

derimot har det blitt lite med bilder, med unntak av nokre få eg tok på sjølve julafta og eit foto-oppdrag eg hadde i går. det har generelt vore lite med bilder i 2013, spesielt det siste halvåret. det er kanskje like greit. eg er ei av dei som syns det er meir enn ok at 2013 tar slutt om berre to dagar. personleg likar eg å sei at det som skjedde i 2013 skal forbli i 2013. det er på tide å slå ein strek over ting, legge bak seg all dritten og gå det nye året med nye erfaringar, men heva hovud i møte. ikkje at eg eigentleg har så veldig mange nyttårsforsett på lur. eg skal slutte å røyke, vere meir sosial, bli meir strukturert og jobbe meir (og bedre) med foto og skule og alt som eg driver med. alle desse generell nyttårsforsetta vi alle har i bakhovudet på eit eller anna bevisst eller ubevisst nivå når klokka slår midnatt den 31. desember kvart år. kanskje er det bra. eg gruar meg litt til den nyttårsafta då eg står der, med stjerneskot i handa og ikkje  har nokre forventingar til året, til den dagen eg står der og ting på ingen måte kan bli bedre nokon sinne. sånn sett er det greit når eit år har vore gjennomsnittleg shitty, der er alltids eit forbedringspotensiale i året som kjem.

uavhengig av alt håpar eg ellers at de alle har hatt ei god jul og at de får ei fin nyttårsfeiring med folk de likar og er glad i og at de har ekstra mykje champagne og stjerneskot. må 2014  bli bedre enn sin forgjenger og må stjerneskota glitre.

translation: 
it’s my last day with my mum out west. it’s been a really nice christmas, and i’ve been with family and partied with friends and all in all smiled and laughed a good lot. tomorrow i’ll be boarding the plane back to oslo, hoping 2014 will bring more good things than 2013 did. merry christmas & happy new year! 

 

Comments are closed.