october through instagram

instaoktober1

oktober byrja med kakao og søndagskos på ein vekedag med finaste anette på hotel bristol sin bibliotekbar. annbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.04
verdas aller finaste hanne var i noreg (ho bur jo i los angeles) og kom til oslo. det var så fint. vi drakk vin og øl, spelte biljard, dansa til langt på natt på café sør og snakka om alt ein har å snakke om når det er eit heilt hav imellom ein og ein ikkje har sett kvarandre sidan jul.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.14
eg og johanne møttest på kafé liebling ein søndag for å drikke kaffi og konspirere. kos kos kos.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.18.25

 

eg vart sjuk og låg tre dagar i strekk i senga med høg feber. eg drakk rabarbara&bringebær saft, varm mjølk med honning, knaska paracetar og las & me skal bli omskapte.

instaoktober2

eg var på vikingskipsmuseet og på kon tiki museet. anbefalast!

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.19.08instaoktober3

eg tok eksamen i tverrfaglege kjønsstudier. skreiv om virginia woolf og mary wollstonecraft. og om undertrykking og girl power og besto (det var bestått eller ikkje-bestått, ingen bokstavkarakterar).

janne kom til oslo og vi dansa i prøverommet til monki.

instaoktober4

såg ellers for det meste slik ut. byrja å springe på tredemølle på treningssenter (ein vane eg har vore svært dårleg med å opprettehalde).

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.02

 

eg og johanne hadde konspirasjonskaffi att ein tysdag på litteraturhuset. då vi var ferdige å konspirere for dagen tok vi trikken til villa paradiso og delte ein pizza før vi møtte finaste åshild og eva utanfor saga for å sjå frances ha. som absolutt alle burde sjå fordi greta gerwig er fantastisk og det er filmen også.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.14

eg fekk nye visittkort i posten frå moo og vart svært lukkeleg i sjela. feira sjølvsagt med raudvin.

Skjermbilde 2013-11-10 kl. 12.20.25
eg byrja så smått å lese til eksamen og med kvalifiseringsoppgåva i estetikk.

instaoktober5

avslutta oktober med ein herleg halloweenfest saman med åshild, johanne og eva hjå luca. herregud så fint det var.

om du vil følge meg på instagram, så heiter eg kristinaaurore.

translation:
how my october looked like through instagram. you can follow my instagram, i’m called kristinaaurore

 

 

2 comments