insposøndag: marie vic, tasya van ree

på søndagar når det regnar og ein har litt hovudverk, når ein eigentleg burde jobbe med kvalifiseringsoppgåva til eksamen, som skal leverast om ei veke, men ikkje orkar. når ein veit ein snart skal på jobb, men eigentelg ikkje har lyst, fordi ein veit ein har så mykje anna ein burde gjort. på søndagar når kreativiteten ikkje eksisterar i vaken tilstand, og ein berre vil ligge i senga og sove. då er det fint å la seg inspirere av intervju med kunstnarar ein ser opp til. eller berre å la seg inspirere av kunstnarar ein eigentleg aldri har høyrt om før og som ein ikkje heilt forstår, men likevel får ein estetisk erfaring frå verka deira. på slike søndagar må ein ta i litt. tvinge seg sjølv til å stå opp klokka ti. tvinge seg sjølv til å kle på seg, stelle seg, ete frukost og koke kaffi. tvinge seg sjølv til å la seg inspirere, til å vere produktiv og planlegge. for søndagar er så dyrebare og fine at ein ikkje kan la dei gli inn i kvardagen. på akkurat denne søndagen blir eg inspirert av verka og intervjua til franske marie vic og amerikanske tasya van reed.

Comments are closed.