post-eksamens dagar

Skjermbilde 2013-10-19 kl. 16.46.17

i går hadde eg min fyrste eksamen dette semesteret. to oppgåver, ti sider, skulle leverast. då er det fint å ha bestevennar som janne, som kjem til oslo og ofrar dei to fyrste timane i byen på å sitte på kafé med meg og lese opp statistikkar medan eg skriv dei ned. fint å feire med å gå rundt i byen med den personen som kanskje kjenner ein best i heile verda og snakke om alt frå livet og kjærleiken til gamle minner om då vi møttest og før vi visste at den andre eksisterte. etter at eg hadde sagt hadet til janne på togstasjonen og tatt tbana heim fekk eg ei melding frå fine åshild som hadde kjøpt ei flaske raudvin, men som ikkje ville drikke det den åleine. så eg satt meg sjølvsagt på tbana i vinterkåpa mi så fort eg kunne og tenkte at det er heilt okei at det nærmar seg vinter og at kulda river litt i både andletet og i bringa på kveldane. det er heilt okei når ein har raudvin og icona pop og fine folk rundt seg. ellers ser eg ut som eg gjer på bildet over om dagen. drikker kaffi frå kermitkopp. i dag har eg kjøpt meg ny kjole og skjerf og hue. i kveld skal eg drikke øl og danse.

translation:
yesterday i had my first exam, and my best friend janne came to town for the day and we sat at a café where she read me statistics and wrote them down. and after i had delivered it on the university server we walked around oslo talking about life and love and remembering what life was like before and remembering that there was a time when we didn’t know that the other person even existed. later i got a text from  åshild saying she had a bottle of red wine that she didn’t want to drink alone, so i of course hurried to the metro to drink it with her. and i tought that it doesn’t matter that winter is coming and that it’s cold, not when you have red wine, icona pop and good people around you.

One comment