oktobersøndagar.

Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.10.16Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.07.14Skjermbilde 2013-10-13 kl. 20.09.10
(foto linka)

oktobersøndagar burde brukast til lengre kafébesøk med notatbøker og penal, eller berre ei god bok. spontanturar til kon tiki museet og vikingskipsmuseet. frukost i senga, med juice, presskannekaffi og eggerøre på toast. på å gå rundt i byen med det nyaste albumet til veronica maggio på øyret og berre kjenne kroppen dunke litt medan ein ser seg om. ein burde gå meir rundt i byen og berre sjå seg om.

oktobersøndagar burde brukast til å drikke bringebær&rabarbara saft berre fordi det er godt. til å sjå episodar av seriar ein følger med på eller har gløymt ein følger med på eller berre fordi ein ikkje har noko anna å sjå på. til gamle filmar, som casablanca, breakfast at tiffany’s, duck soup, valley of the dolls, une femme est une femme og barefoot in the park. til altfor lange telefonsamtalar med mammaer eller bestevenner eller besteforeldre eller brødre eller folk ein alltid ellers gløymer å ringe.

til å lese alle dei utgåvene av morgenbladet ein kjøpte i løpet av veka, men endå ikkje har rukke å lese. til turar i skogen eller på fjellet, med kaffi eller sjokolade på termosen. til sykkelturar på kronglete stiar eller langs humpete fortau. til champagne til lunsj og raudvin til middag. til alt, untatt å vere åleine.¨

translation:

sundays should be used for sitting at a café for hours with a notebook and a pen, or just a good book. for impromptu visits to places like the kon tiki museum and the viking ship museum. breakfast in bed, with juice and coffee and scrambled eggs on toast. to walk around the city with veronica maggio’s latest album playing and just feeling your body pounding a little while you watch the people and the places. people should walk more around in the city and just watch. sundays should be used to drink raspberry&rubarb juice just because it’s good. for watching episodes of tv-shows you follow, or forgot that you follow or watch just because you don’t have anything better to watch. for old movies, like casablanca, breakfast at tiffany’s, duck soup, valley of the dolls, une femme est une femme and barefoot in the park. for way too long phone calls to mothers or best friends or grandparents or brothers or people you normally never remember to call. for reading all the issues of that paper you bought but didn’t find the time to read. for hikes in the woods or up the mountains, with a thermos filled with coffee or hot chocolate. for biking in terrain or on asphalt. for champagne for breakfast and red wine for dinner. for everything, except being alone. 

3 comments

  1. Karoline

    Å vere åleine kan gå, men er så enig med deg at det er mykje finare å vere med andre. Vonar din sundag har vore bra!