photoinspo no 2: annie leibovitz, adam driver & daria werbowy

denne vekas photoinspo er utan tvil ein av mine favorittar nokon sinne. som så mange andre fotografar og moteinteresserte kjøper eg september utgåva av vogue kvart år. som de kanskje veit er jo det den største og mest gjennomarbeida utgåva i året, og den utgåva då editorials og intervjua florerar med kvalitet, omfang og eksepsjonalitet. i årets utgåve finn ein sjølvsagt mykje fint, blant anna eit intervju med både jennifer lawrence og adam driver. noko av det finaste i heile utgåva er bildeserien til annie leibovitz, wild irish rose, med adam driver (kjærleik kjærleik kjærleik) og modell daria werbowy. bilda er tatt i irland, og daria werbowy (som var ganske aktiv og veldig kjent modell før) viste seg foran kameraet på veldig lenge. utan noko som helst sminke. i det heile tatt. eg elskar det. elskar annie, elskar adam, elskar daria. atmosfæren, fargetonane, landskapet, utsnitta. åh. gåsehud.

bildeserien finn de her, eller i us vogue si septemberutgåve, som får kjøpt på dei fleste narvesen i landet.

daria-and-adam-driver-02_144133163630daria-and-adam-driver-03_144134902716 daria-and-adam-driver-04_144134147292 daria-and-adam-driver-05_144135203173 daria-and-adam-driver-06_144137559918 img-dariaandadamdriver07_152018423956 daria-and-adam-driver-08_144139913952 daria-and-adam-driver-09_14414026056

 

translation:
this weeks photoinspo is from the september issue of vogue us. the photographer is non other than the brilliant annie leibovitz and the subjects are actor adam driver (from girls) and model daria werbowy. i just love everything about this. just love. 

Comments are closed.