so… where are you, what do you do and why?

'favorites emerge / days rising through water'UntitledUntitled

2. eg har byrja å studere att! ved universitetet i oslo, på det humanistiske fakultet har eg så smått byrja på ein bachelor i estetiske studier og litteratur vitenskap. her studerar eg estetikk, kunsthistorie og litteraturhistorie. samt, dette semesteret, tar eg også eit enkeltemne innan kjønnsstudier. så ved siden av å vere fulltidsstudent, prøve å overleve to veker med fadderuka og skitbillig øl, så jobbar eg vakter på bensinstasjonen og prøver å få timane i døgnet til å strekke seg akkurat nok til at det går. og det går alltid.

3.  fordi eg er ein fotograf og skribent som ønsker fagleg og relevant tyngde som styrker dei to svært så ubeskytta arbeidstittlane. og kunsthistorie, estetikk og litteraturhistorie gjer nettopp det. samfunnsvitskapelege fag kan eg ta som fri einskildsemner ved sidan av. som eg gjer når eg tar tverrfagleg kjønnsforskning dette semesteret ved sidan av estetikk og amerikansk litteratur. fordi om eg aldri blir ein veldig god fotograf eller noko, så vil eg ha ein bachelor som kan gi meg jobbar innan emner eg likar, som på kunstmuseum eller i eit forlag. fordi det alltid er lurt å studere vidare uansett kva du studerar og ingen kunnskap er bortkasta kunnskap.

1.ellers er eg  endå i oslo, sjølvsagt. men mellom flytting, ny jobb, nytt studier, nye venner, migrener og akutt søvnbehov blir alt anna liksom skyvd unna. eg gir meg sjølv difor litt tid. til å komme inn i nye rutinar. kjenne meg heime i min nye heim. bli kjent med mine nye venner. bli kvitt migreneannfalla (som har plaga meg heile livet, men som den siste veka har det vore notorisk) og sove inn litt av søvnen som vart tapt i alt kaoset. det er livet mitt akkurat no.

ciao.

2 comments

  1. Anette

    Eg tykkjar det er superdigg at fadderveka er over. Fekk knapt tid til å ete eller sove, hahe.