ellers går alt i autopilot: fire punkt frå livet

ein. det er sol og alt for varmt og eg er raud og full av frekner på bringa og i andletet og på skuldrane. livet er hovudsakeleg aircondition og lunka vatn i pappbeger på jobb. alle skal ha jogurtis (vanilje, jordbær eller blanda). og ein god del skal ha rustico med kylling og pesto. eg et nudlar og blomkålblanding med krydder på når eg kjem heim.

to. ser ferdig skins duologien til cassie og ringer mamma med tornado i brystet. seier: eg såg skins, og no er eg trist. så svarar mamma: men du veit at du ikkje kan sjå skins når du er åleine. og eg tenker at eg kan jo ikkje sjå det når eg er saman med folk.  for dei ser ikkje alltid det eg ser, eller får vondt bak ribbeina av det samme som eg får. så det funkar jo ikkje.

tre. dansar til bob dylan når han syng if you got to go, go now (or else you’ve got to stay all night). kjederøyker melankolsk til bob dylan når han syng  at det ikkje er heilt mørkt endå, men det blir det. søker studielån, leiter opp pensumbøker og bakar blåbærpai midt på natta. saknar folk. blir skuffa av folk. og blir sjarmert og forbløffa av folk. lagar kjøleskapspoesi og lurer litt på kva det er med bokstavar som, satt i riktig rekkjefølge, har krafta til å målbinde ein heilt.

fire. prioriterar siggarettar over mat, som resulterer i at eg ser meg i spegelen og andletet mitt er beinete og innsunkent. mistar berre vekt frå  andletet. resten av kroppen forblir det samme. det får vere det samme med det. eg er for gammal til at eg klarer å late som om eg ikkje bryr meg om å bry meg om kropp. snakkar i to timar på telefon med kjersti. evig avvist offer. vår humor. legg meg om nettene og saknar roma og sigg og raudvin. sovnar om nettene og saknar havet og sigg og raudvin. ellers går alt i autopilot.

One comment