Heard ten thousand whispering and nobody listening. Heard one person starve, I heard many people laughing. Heard the song of a poet who died in the gutter


– bob dylan-
nokre veker er berre alt feil. ein har kanskje haudeverk frå ein står opp til ein legg seg. kanskje kranglar ein med folk ein kanskje ikkje burde krangle over ting det på ingen måte er vits i å krangle over. ein ser triste drama filmar og grin til langt på natt og blir overvelma av ein eksistensiell angst som ikkje er lett å bli kvitt og som gjer at ein set spørsmålsteikn ved alle val og konsekvensar i livet. kanskje er ein trøytt og utmatta og heilt utan tiltak eller motivasjon. kanskje er ein for sta (sjølv meinar eg at eg på ingen måte er sta, men eg veit om ei liste med folk som vil motsei dette utsegnet) og for stolt og alt ein eigentleg vil er å gøyme seg i store joggebukser, tjukkelester, strikkegenserar og haugevis av dyner. og det er heilt okai.

sjølvsagt er det ikkje okai å vere for sta og for stolt, eller krangle med folk fordi ein er trøytte, slitne og lei. men det ein må hugse på er at alle har slike veker. alle. alle har veker der ingenting er rett og ein leitar etter kranglar og kastar puter i veggen medan ein ikkje vil noko som helst. og det er heilt greit, så lenge ein forstår at ein ikkje kan fortsette slik i lengda. så lenge ein, når ting har roa seg og perspektiv og logikk kjem krypande tilbake, har motet og evna til å krype tilbake og be om tilgiving og forståing.

sjølv har den siste veka vore litt slik for meg.

etter ei veke ferie hjå småsøsken i haugesund kom eg heim til den same heimen eg har hatt sidan eg var ni. med unntak av åra eg gikk på vidaregåande og budde på hybel og liksom hadde ein plan. så eg tok ein liten bloggferie eg. og berre sov, såg filmar og tenkte litt sånn for mykje. og det eg har funnet ut etter ei slik veke, er at det berre er ein måte å verkeleg komme seg ut av denne funken. ein må legge planar. konkrete planar om kva ein skal, ikkje berre om eit år, men også om ein månad, ei veke, ein dag. ein må spørre seg sjølv spørsmål, som; kva treng eg å gjere for å komme seg dit eg vil? korleis går eg fram? og så må ein stille seg sjølv det spørsmålet som kanskje ikkje alltid er like morosamt å svare på; vil eg komme meg nokon veg ved å ligge i senga og sjå paraplyene i cherbourg for åttande gong på rad? gjer det meg lukkeleg? verkeleg? og er det verkeleg dei personane eg har krangla med eg er sint på, eller er det meg sjølv? og kvifor? og kva kan eg gjere for å endre på dette? ekle spørsmål det er lett å ignorere.

medan ein prøver å finne ut av dette er det mange ting ein kan gjere. ein kan skrive milelange lister om mål og planar. ein kan fordjupe seg i inspirasjon med alt frå maleri frå renessansen, til bloggar, som maja casablancas. ein kan lese bøker ein alltid har tenkt på å lese, men aldri har orka eller funne tid til. ein må liksom fortsette med livet medan ein prøver å finne ut av det. ein kan ikkje berre stoppe heilt opp og vente på at det livet ein ønsker å leve skal komme. for då kjem det aldri. ein må ha mål og jobbe hardt for å nå dei. og i mens, når det kjem traurige dagar og seige veker der alt berre er teit og bittert, får ein ta eit langt bad, høyre på fin musikk og lese fine intervju av inspirerande mennesker. så kjem det meste av seg sjølv. i alle fall håpar eg at det gjer det.

foto: linka til kjelde

ps: dette er sjølvsagt slik eg ser det, og heilt individuelt frå person til person, men eg tenker det sikkert gjeld fleire enn berre meg.

translation: 
i have been in a foul funk this past week. everything has been just wrong and bad and i haven’t had the energy or motivation to do anything else but hiding in my bed watching the umbrellas of cherbourg over and over again. which has made me feel even more crappy. however i remind myself that everyone has bad weeks, it’s not just me, and instead of letting myself succumb to misery, i have to pull myself out of it. letting myself be consumed by inspiration and plans, while i keep on living. because one cannot stop living just because things are hard or seem meaningless. because if one stops living and just waits for the life one wants to lead to come barging, it will never come. nothing comes for free, it takes a lot of work and determination to realize ones dreams. and in the meantime, when things seem extra hopeless and miserable, one can always draw a nice, hot bath, listen to beautiful music and read inspiring interviews of inspiring people, the rest will come along soon enough. at least i hope it will.
photo: linked to source
ps: this is, obviously, just how i see it, and individual from person to person.  

4 comments

  1. Veronica

    / Tusen takk! 😀

    Og jeg er enig i at man ikke kan sitte og ha det kjipt, men noen ganger er det greit med joggebukse og en film å gråte til. Også blir man ferdig med det og fortsetter.

  2. Iromie Stephany

    dette var sykt fint skrevet og det er så sant. når man har hatt en sånn uke er det vanskelig å komme seg ut, men man kan hvis man vil og det er jo fint.