Q&As: roma, oslo, kristina

i det siste har eg fått ein god del spørsmål, både via forskjellige sosiale medier, men også på privaten om forskjellige ting i livet mitt. så eg tenkte eg kunne svare på nokre av dei spørsmåla eg har fått mest i det siste no. og hei, om de sit inne med noko det lurer på, så er det berre å spørre, så lagar eg eit nytt innlegg om ei lita stund med svara.

UntitledUntitledUntitled

kva gjer du på no?
no om dagen studerar eg fotografi halvårig ved bilder nordic school of photography i oslo. det har eg gjort sidan februar i år, og studiet varer fram til slutten av juni. ved siden av skulen jobbar eg som frontliner for greenpeace på deltid, og så skriv eg små kronikkar for oh cherie og så bloggar eg sporadisk og drikk kaffi/øl/vin med fine folk.

kva skjedde med roma, skulle ikkje du vere der eit heilt år?
jo, etter rett så hadde eg jo sagt at eg skulle vere i roma eit heilt år (eller to semester). men skulepengane er ganske dyre og å bu i roma er ganske dyrt. så medan eg var der nede fyrste semester tenkte eg at eg kunne sjekke kva alternativ eg hadde om eg eventuelt bestemte meg for å hoppe av etter fyrste semester. eg søkte på bilder nordic, kom inn og sa til kulturakademiet at sjølv om eg elska å bu i roma og syns det var veldig fint og flott og fantastisk, så hadde eg bestemt meg for å ikkje ta kulturhistorie frå februar av likevel. noko som gjekk heilt fint. bilder nordic er jo også ein privatskule og krev skulepengar, men sidan kulturakademiet er under paraplyen til høgskulen i vestfold (som er offentleg), så får ein ikkje stønad frå lånekassen til skulepengane, noko eg blant anna får no til bilder nordic.

trivst du på skulen?
eg elskar skulen min. og sit ofte med dårleg samvit for at eg føler eg har alt for liten tid til skulearbeid og fotoprosjekt, sidan eg tidvis jobbar veldig mykje. men miljøet, kreativiteten, alt på skulen, likar eg veldig veldig godt. det føles rett.

UntitledUntitledUntitled

trivst du i oslo?
dette er eit litt meir kinkig spørsmål, og eit spørsmål eg får alt for ofte. spesielt etter at eg skreiv denne kronikken for oh cherie. det som er med oslo og meg, og kvifor eg ikkje alltid er like glad og lukkeleg her, som eg var i roma til dømes, er fordi kvardagen min er mykje meir hektisk her. eg har dagar då eg har mange innleveringar, skule frå halv ni til fire og jobb frå kvart over fire til ti. eg er konstant i tidsklemma, og det gjer at eg ofte kjenner meg utilstrekkeleg. spesielt når eg gløymer at eg har lova å møte venner til kaffi eller middag ein dag, eller når eg dobbeltbookar meg og så har eg eigentleg ikkje annleiing til å møte nokon av dei likevel. eller endå verre når eg gløymer skuleoppgåver eg burde ha levert inn, og så stressar eg med å løyse det, og det blir eit halvferdig hastverk. dessutan har det vore vinter så lenge. eg er ikkje ei av dei jentene med sollys i sjela, eg treng sola på himmelen, og fargar rundt meg for å fungere. så denne evige vinteren har vore som tjæresand på hjartet mitt. MEN! no kjem våren, og eg har komme inn i ein slags dysfunksjonell rutine som fungerar for meg. og eg har mange fine venner i oslo. det er berre kvardagen som tidvis manglar magi og er overausa med vinter og kulde.

kva er planane dine framover?
eg har ikkje planlagt noko lenger enn til august. alt eg veit er at eg skal gå på skulen til slutten av juni. jobbe. drikke øl. malakoff festivalen.

kva vil du bli når du blir stor?
eg vil skrive kronikkar og bøker, ta bilder og reise verda rundt. som alle andre.

UntitledUntitledUntitled

er det ikkje skummelt å utdanne seg innan kunstneriske yrke/fag?
dritskummelt. tullar alltid med at eg kjem til å ende opp som kassadame på kiwi heime.

har du kjærast?
eg er singel og lukkeleg og likar å kysse menn med skjegg og tatoveringar når eg har drukke litt for mykje øl.

kunne du tenke deg å flytte tilbake til roma?
eg elskar roma. men, eg veit ikkje om eg kunne tenkt meg å flytte tilbake dit med det fyrste. ikkje fordi eg ikkje trivst eller noko, for den byen er så vakker og å bu der er så fint. men fordi eg har budd der no. eg har gjort meg kjend i gatene, fått mine stamplassar og levd la dolce vita. no er der nye byar og land og verdsdelar eg vil bu i. som london og københavn, berlin, paris, marrakech, new york, san fransisco… men eg kjem alltid til å reise tilbake til roma. berre for å rusle i gatene langs via giulia og trastevere og tenke på då eg budde i roma og levde på raudvin, røyk og fersk pasta til 1 euro kiloen.

UntitledUntitledUntitledkjem du til å flytte tilbake til sogn og fjordane når du er ferdig utdanna?

nei. eg elskar sogn og fjordane, og spesielt ytre nordfjord. det er jo her eg kjem frå. her folk kjenne meg og eg kjenner dei, og difor så kan eg sakne det så mykje at det riv i lungene. men eg veit at om eg flyttar tilbake kjem det til å rive endå meir. eg kjem alltid til å komme heim når eg har sjansen. og det kjem alltid til å vere litt vondt når eg reiser att, men eg kjem nok aldri tilbake for godt.

tjener du noko pengar på bloggen og foto?
blogg: nei. det hender eg tar på meg frilansoppdrag i foto, men akkurat no så har eg ikkje så mykje tid, og eg er dårleg på å reklamere for meg sjølv.

kan ikkje du skrive ei bok?
hehe. ein dag når eg har noko å skrive om kan det hende det kjem ei bok. til då blir det småtekstar og tankesurr.

er det noko meir de lurer på, skrik ut.

allonsy, alonso!

translation: a few answeres to the most common questions i’m asked.

Comments are closed.