åtte sanningar

eg har blitt utfordra av ida til å skrive åtte sanningar om meg sjølv. og det tar eg jo sjølvsagt på strak arm.UntitledUntitledUntitledUntitled

ein. ein dag ønsker eg å bu i new york. skrive kronikkar og bøker og ta bilder og aldri trenge å jobbe ein deltidsjobb igjen.

to. eg saknar vestlandet. veit ikkje heilt om eg likar oslo så godt, eigentleg. roma var mykje bedre.

tre. av og til får eg røyndomsangst og gøymer meg i senga med stormaraton av buffy eller charmed og berre latar som om røynda utanfor ikkje eksisterar.

fire. eg har enorme kroppskompleks. noko som irriterar meg grenselaust for eg hatar slikt, eg syns det er tøv. men så er det endå slik at når eg ser i speilet vil eg berre ha flatare mage, fem centimeter til på sokkelesten samt strammare og mindre lår.

fem. eg er livredd for å gå glipp av noko, og er skikkeleg dårleg til å seie nei til folk. noko eg har byrja jobbe med den siste tida.

seks. det fins ikkje ein verre kjensle i verda enn det å vere forelska.

sju. eg har ei greie for menn med skjegg.

åtte. eg elskar når folk seier eg liknar på audrey hepburn. sjølv om eg veit det ikkje er sant. det er ein liten livsløgn á la vildanden av ibsen og eg har ingen planar om å avsløre den.

eg veit eigentleg ikkje heilt kven eg skal sende ballen vidare til. så kva med at den som vil, ta ballen, hiv den i lufta og sjå kva som skjer. ein, to, tre.

translation:
i was challenged by  ida to reveal eight truths about myself. 1. one day i wish to live in new york, write articles and books and take pictures. 2. i miss the west of norway, i don’t know if i like oslo that much. rome was much better. 3. sometimes i get reality anxiety and hide away in my bed watching buffy or charmed from beginning to end, trying to block out the real world. 4. i have awful issues about my body, which annoys me. because i think it is a waste of energy, and still all i wish for is a flatter stomach, to be five cm taller and for my thighs to be firmer and thinner. 5. i am petrified to miss out  on something and have an awful habit of saying yes to everything. almost. 6. there is nothing worse than falling in love. 7. i have a thing for men with beards. 8. i love it when people say i look like audrey hepburn. even though i know it isn’t true. it’s what henrik ibsen would describe as a life lie, and i love it. 

4 comments

  1. Ane

    I know. det med forelska. faen altså, det er så skummelt, og jeg hater den følelsen det gir av at man ikke er et selvstendig individ. men fucked up.

  2. Ida Sundae

    Næmmen har’u komplekser!? Det syns jeg du skal slutte med med ein einaste gong! :) Neida, alle har vel det, men håper det ikke er altfor kjipt.

    Skal ta denne jeg og.

  3. Pingback: åtte sannheter. | en kopp te, takk