2012: oktober – desember

OKTOBER:

UntitledUntitled

eg klipte håret kort og farga det lystUntitledUntitled

oda var mykje på besøk og vi hang ut av dei store vindauga i stova og sat med føta dinglande gjennom balkonggjerdet, drakk raudvin, røykte uansvarleg mange sigarettar og snakka om livet. UntitledUntitledUntitled

eg og kjersti baka kake!UntitledUntitledUntitled

oda, kristin og jorun kom på middag og vi drakk mykje raudvin og åt kake og alt for mykje pasta.UntitledUntitledUntitled

sondre hadde bursdag, som sjølvsagt måtte feirast! UntitledUntitledUntitledUntitled

vi var mykje shishabaren på campo de fioriUntitledUntitledUntitledUntitled

susanne kom på besøk og vi tusla gjennom romas varme gater og var sightseeing og drakk øl og tok bilderUntitledeg leste til exfac eksamenUntitledUntitledUntitledUntitledUntitleddet vart halloween. kjersti var JFK og eg var Jackie Onassis. mange i klassen reiste ut av byn for å feire, men vi ville vere i roma. så vi drakk raudvin og vodka og for på abby’s og hadde ein heilt fantastisk fin kveldUntitledeg og kjersti blei invitert på middag hos oda, kristin, jorun, ronja, jørgen og tora. igjen, raudvin, pasta, latter og kjempegod sjokoladefondu til dessert.UntitledUntitledUntitledUntitledså reiste vi til venezia og det vart flom og vi gjekk i billige støvlar med søppelsekkar som sokkar for å ikkje bli våte på føta.

NOVEMBER

UntitledUntitledUntitledUntitledmamma kom til roma saman med venninnene sine. vi åt god mat, drakk vin og irish coffee, mamma fekk trubaduren på abbey’s til å spele tom waits og lo mykje.Untitledforelesningane nærma seg slutten og det gjorde opphaldet vårt ogsåUntitledeg gjekk rundt med eit lurt smil og ein minicrush UntitledUntitledeg og kjersti satt mykje på favorittkaféane våre og drakk capuccino med tre posar sucro på skummet. UntitledUntitledUntitledeg tok bilder av utsikten vår og var melankolsk og trist fordi eg ikkje ville heim. UntitledUntitledUntitledUntitledså kom den siste dagen og den siste kvelden. og vi gjekk gjennom romas gater om kvelden, for roma er vakrast om kvelden. og vi drakk vin og møtte på oda og sa at i morgon går verden under, så difor så må vi kose oss ekstra mykje i kveld! og så var vi alt for lenge oppe og alt for trøtte på flyplassen neste morgon.UntitledUntitledog plutseleg, som om ingenting hadde hendt, var eg heime i den vesle bygda heilt ut med havet att. og det var tomt og stille og rart.UntitledUntitledUntitledUntitledeg rømte til barmen, der finaste kristin og pappaen hennar venta. vi laga blåskjellsuppe frå botnen og åt hummar og krabbe og kreps og suppe og det var den beste måten å komme heim på.UntitledUntitledeg tok bilder av finaste iris og ine-sofieUntitledUntitledUntitledeg tok bilder av nydelege katinka og søtaste selma, som var berre 10 dagar gammal.UntitledUntitledUntitleddet var rart og vere heime att, og var rastlaus, så eg rømte vidare til valdres med bestemor og bestefar. besøkte tanta og onkelen min. las til eksamen, smugrøkte og drakk presskannekaffi i mummikoppar.UntitledUntitledUntitledså reiste eg til oslo, budde hos frank, tok eksamen og feira vel overstått eksamen på peppes saman med finaste romagjengen som det var så alt for lenge sidan eg hadde sett!

DESEMBER

(i desember tok eg lite bilder. i desember sto alt stille, samstundes som tida flaug av gårde. så dei fleste bilda er tatt med mobilen min og ligg på instagramen min)

d7e4d7443c9d11e2aeda22000a1f973b_7

eg budde med frank og vi sov i skei og såg film og snakka og eg søkte jobb i oslo frå eg sto opp til eg fekk krampe i handa.

df9d25583f0a11e2a38422000a1f96a9_7

eg hjalp til å male kjøkkenet

5d3af45a3e4711e2871d22000a1f92db_7

var med kjersti på legestudentane sitt mannskor, sangvinerne, sin konsert.

aa7985703d6a11e2aeb222000a1f9e7e_7

eg møtte finaste susanne for kaffi og kino. vi såg the perks of being a wallflower og var begge heilt emosjonelt tomme og overbelasta etterpå.

2dea97a242dc11e2a55d22000a1fbcd5_7

janne kom heim frå bali og eg reiste heim til nordfjord. og livet var kjempefint, som det er når bestevenninna di endeleg er på samme kontinent som deg.

f4d47f9c479e11e2aadd22000a1fbd6a_7fca4f3cc50eb11e28faf22000a1f99f9_791c3df6e46dc11e28e2d22000a1fbe71_79df3875444a611e29d0322000a1f97e3_7

oldemorbesøk, tantekos, familiekos og pepperkakebaking.

fe46b8a6454611e2b1d222000a1fb859_7UntitledUntitledUntitled

eg reiste til sandane og møtte bård og jon erik (veslebror 19). jon erik hadde eksamens konsert og eg tok bilder og var typ den stoltaste systra i historia.

18e089ea47d011e2a7d622000a9e298f_77e87c080457611e2bfae22000a9e0782_70522219445d611e2822f22000a9f09ca_7

etter konserten hadde vi surpriseparty for jon erik. og den blei nesten ikkje noko av, men så fekk vi det til likevel. og det var noko av det koslegaste og artigaste eg har vore med på. og eg sovna på sofaen til johanne og vakna opp til snø og tomme ølboksar og glømte att all sminka mi.

5b7a2f8c4b8511e2a50222000a1fb870_7ec9196a04ba211e2a8b522000a9f3cba_7

eg var på julebord med gamlejobben. UntitledUntitleddet blei jul!4ef56628506211e282a722000a1f9d5f_781eb28405fdc11e29a6422000a9e06c4_7aeb835845fdc11e2b74e22000a9e07d7_7

og romjul. og hanne var heime frå los angeles og på gymmen hadde dei konsert med heilt fantastisk lys. og eg tenkte i am standing in the light of delirium. 5eee969e53a011e2af5a22000a9f18fb_7555d592653a011e2a8b522000a9f3cba_7

så vart det nyttårsafta og eg feira med nokre av dei eldste vennane mine i selje. drakk øl og dram og vin og dansa linedance, makarena og slike ting ein gjer på bygdedans med fine folk.

translation:
my year october – december.

 

Comments are closed.