keep calm and carrie on

255860822550699342_YNb5SBeE_c

siste dagen av 2012 er her. magen min er full av kålrabistappe og m&m’s. eg har krølla håret, augeloka glitrar i gull og eg har på meg ein handsydd, rosa silke kjole. den er oversize og ikkje eigentleg min stil i det heile tatt, og eg elskar det. om ein liten time reiser eg på fest, då skal eg drikke vin og øl og le og smile og gå inn i det nye året med vennar eg har hatt i nærare eit tiår. men akkurat no, akkurat no sit eg i sofaen. mamma og stefar er hjå naboane og drikk vin og kosar seg og veslebror på 11 går nyttårsbukk. eg sit i sofaen og drikk øl og ser på sex and the city, for det er tradisjonen. det er målet. å gå inn i kvart nye år slik carrie bradshaw ville gjort det. det høyrest ordentleg cheesy ut. så pass mykje at eg knapt tør å skrive det. men det er sant. for eg kan ikkje tenke på ein bedre måte å gå inn i nyåret på enn med vennar, vakre kjolar, champagne, fyrverkeri, latter og kos. optimisme og ekstravagans. det er det ein treng når januar tar til. ein treng ein fabelaktig start med fabelaktige vennar.

godt nyttår! eg håpar alle kosar seg, om de sit åleine eller er omringa av venner og familie. om livet er kjipt, eller meir fantastisk enn nokon sinne. godt nyttår!

 

One comment

  1. Karoline

    Cheesy-greier kan vere himla bra dei. Spesielt når SATC og gode venner er involvert, då må ein berre bli glad. God nyttår!