alt eg ser når eg ser ut vindauget no er ein kald blågråhet som dekker til heile bygda og forsvinn med havet ut i horisonten. eg kan ikkje vere meint å vere nordmann

UntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitledUntitled

eg draumer om roma. vaknar og trur eg vaknar opp i den svære senga til meg og kjersti i det store fine rommet vårt med balkongutsikt til fiumo tevere. i staden vaknar eg opp heime. og det er jul og det er fint og koseleg og alt. men det er rart. for eg veit nettopp kva tabacchiar som ligg nærast largo del fiorentini, og når dei stenger. eg veit at om du er tom for røyk klokka 22.00 ein kveld må du springe som berre faen til du kjem til bar del sol ovanfor guglielmos på vittorio emanuelle. eg veit at om du vil ha god sushi så går du til den restauranten rett nedafor via del corso, der med salotto 42. at i sidegata ved campo de fiori finn du sinnsjukt mange fine sko, og at det alltid er liv ute ein kveld, dersom du vil det.santa cristina vinen kostar omlag 6 euro på desparo rett før via pellegrino. ein pose m&m’s kostar ca 1.85. mimi é coco har dei beste italienske crepes i roma, og ein berre må kjøpe den med soppfyll for den smakar som himmelen. når du tuslar heim full og lukkeleg frå scholars eller abbey’s i tre/fire tida på natta har VIP (very italian pizza) alltid ope, og den beste pizzaen der er den med nesten berre tomatar, for den er så spicy og herleg at ein nesten byrjar gå på skyer.

å vakne opp og sjå ut i fiumo tevere, gå over ponte sisto og følge vegen langs trastevere til skulen. rotet på campo de fiori etter klokka 2, når bodene har stengt. eg veit alt dette. at der knapt er godteri. at dei ikkje har pepsi max, men pepsi light, og at det på langt nær er same greia. at du ikkje kan få tak i ein vanleg trakta kaffi om du så ber om å få trakte den sjølv. at dei likar å ha sitron i bakevarene sine og i brus. spesielt i croissants, som dei kallar cornetto. at på barnum kan du vere heldig å få ete skikkeleg god ostekake, eplekake og brownies. at du kan tusle heim åleine langs vittorio emanuelle II klokka fire om natta utan å vere redd for noko som helst. for roma er trygt, og så lenge du held deg unna dei trange bakgatene går det fint. at du kan få gelatto fram til klokka 1 om natta ned ved ponte sisto. at pantheon og piazza navona er nydelege, men eit reit turisthelvete. at tursitane ikkje blir færre etter sommaren. at trevifontena ser finast ut om kvelden, og då er det dessutan minst folk der. at du kan få kjøpt ein kilo ferks pasta til 1 euro. at krydderet er sterkare og meir smakfullt og at saltet er saltare og at vatnet smakar kalk.

det er så merkeleg å vere tilbake. det kjennest nesten feil. italia, roma, var så varmt og behageleg. noreg er så kaldt og inneslutta. eg forsto det ikkje før eg kom heim. noreg er kaldt og nordmenn er kalde. freddo. og alt her er grått. uansett kvar du snudde deg i roma, så såg du fargar. og sollys. sjølv om sola ikkje var framme og det regna som berre søren. du såg fargar. alt eg ser når eg ser ut vindauget no er ein kald blågråhet som dekker til heile bygda og forsvinn med havet ut i horisonten. eg trur ikkje eg er meint å vere nordmann.

translation: i miss rome so much. the colors, the warmth. norway is grey and cold. i never understood it before, but now i see. it’s not only our climate that is cold, freddo, it is also our people. we keep to ourselves. and we ‘re happy about that, and it makes me so incredibly sad.

2 comments