taklamper og sommarfuglar

eg skriv på noko litt rart og merkeleg om dagen. eller, eg har skrive på det ei god stund no. om det blir noko, noko skikkeleg eg kan vere nøgd med, det veit eg ikkje. men det er spennande. og det kriblar litt ekstra i magen kvar gong eg les igjennom det. sjølv om der er ting som kanskje ikkje er heilt logiske eller sannsynlege eller forståelege. det kriblar. eg blir glad. og sidan det er oktober, og eg og oktober ikkje akkurat er bestevennar, (oktober får meg alltid til å gråte), er det heilt greit. eg måtte berre fortelle om dette prosjektet til nokon, så difor seier eg det til alle. og her er ein pitteliten smakebit som eg er litt sånn ekstra nøgd med. tenk. eg er nøgd med noko!

translation:
i’ve been writing lately. on something new and strange and not at all comprehensible. but it makes sense to me. even if the plot and characters might seem improbable and strange to others. i actually quite like it. above you see two extracts which i am really really happy with. unfortunately it’s in norwegian, but you could always try to google-translate it. 

3 comments