all hallows eve, dead kennedy’s and vampire’s with feathers and class!

no er det jo ei god stund sidan halloween, men eg er jo litt treig av meg, så her kjem bilda frå då vi feira halloween i fiorentini leiligheita!

Untitled

eg var, som de kanskje hugsar, jackie onassis den kvelden, og hadde brukt kanksje to timar på å prøve å få håret og ansiktet til å likne på jackie. eg var ei bleik jackie. vinterjackie.

Untitled

espen, utkledd som guy fawkes og tor-eirik, som var cowboy, kom innom ein liten tur før dei tok bussen til calcata saman med ein gjeng frå skulen.

Untitled

eg og kjersti gjekk sjølvsagt heilt ut når det kom til kennedy temaet, og vi brukte amerikaskjerfet mitt som duk og hang opp skilt med sitat på dørane.

Untitled

always remember the fifth of november.

Untitled

<3

UntitledUntitled

kjersti sin utkleding var sjølvsagt best. vi fletta håret bak og ordna skill og sminke og klede så godt vi kunne. dessutan hadde ho sitte i fleire timar og teikna dei kulaste JFK for president ’61 buttonsane, så vi hadde kvar vår vi brifa med til alle som spurte kven vi var.

UntitledUntitled

gustav, martine og ingeborg skulle også til calcata, og hadde kledd seg ut som turistar i roma for annleiinga.

Untitled

så fekk vi besøk av finaste lilli anne

Untitled

som hadde ein heilt sjukt fin kjole, med nydeleg blonderygg, på seg

Untitled

og finaste ida! dei var utkledd som gotiske 20-tals kvinner, som kunne vore vampyrar, men dei fann ikkje tenner. ikkje at det betydde noko som helst.

UntitledUntitledUntitledUntitled

vi drakk vin og vodka og snakka om livet og skulen og framtida og roma og alt vi kunne komme på. forelesaren vår andreas, kom innom og tok nokre glas vin med oss også, før han traska heim att. men han tok eg ingen bilder av.

Untitled

plutseleg var klokka alt for mykje og vi bevegde oss bortover på abbey’s, der det var halloween party. der møtte vi på finaste ida, som var utkledd som kattepus.

UntitledUntitled

der var fullt med folk og stemningen var på topp, med kostyme konkurranse og musikk ein kunne synge med til.

Untitled

elisabeth var hippi og hadde heilt sjukt fine blomar i håret!

Untitled

paul the bartender (joseph gordon levitt lookalike) var nonne for kvelden og vi fekk gratis øl.

UntitledUntitled

ute møtte vi på victoria som var utkledd som vampyr, og ei amerikansk jente som hadde heilt fantastisk bra sminke og kostyme på seg at vi var alle heilt imponerte! og slik var min halloween sånn ca. fin og kosleg og ikkje skummel i det heile tatt.

translation:
finally! here are the pictures from our halloween party! as you might remember kjersti and i went as JFK and Jackie Onassis. we stayed at our apartment for a while, and drank wine and vodka with ida and lilli anne and our teacher andreas, who stopped by. then as the night came creepingly, we headed over to abbey’s, where there was a halloween party and we stayed there for the rest of the evening. it was so much fun! 

One comment