i den vesle bygda, løynd mellom hav og fjell.

UntitledUntitledUntitledUntitled

eg er heime. i den vesle bygda løynd bak fjella, men likevel midt i havgapet. eg sit på den kvite, vesle balkongen min og ser ut i havet. går med ullstrømpebukser og ullgenserar og skjerf og ullsokkar og prøver å bli vant til kulden. det er deilig å vere heime, men rart. på mange måtar er det som om ingenting har endra seg i det heile tatt. eg har budd tre månader i roma, men det er som om eg aldri reiste. underleg, fint, rart. så eg kosar med hunden og les mummitrollet og et muffins. drikk ordentleg kaffi, høyrer på jarle bernhoft og jeff buckley og har det relativt fint.

eg har endå fleirfaldige bilder frå roma som kjem. eg henger liksom konstant litt etter. i kveld skal eg til barmen og besøke finaste kristin og kose meg der. eg gler meg heilt sjukt.

god helg, fine folk. drikk litt raudvin, les litt bøker og hør på fin musikk. det er den beste kuren mot kulden og mørkret. det varmar ein opp innanfrå.

translation:
i’m home. finally.  

5 comments

  1. Stine

    Ååååååååh, så utruleg vakkert… Har ei sånn lita bygd sjølv, gøymd mellom fjella ved fjorden. No fekk eg sjukt heimlengsel…

    • Kristina Kvåle

      det er litt deilig med heimlengsel. og viktig. eg elskar eigentleg å ha litt heimlengsel, og så komme heim og kose meg ei lita stund og så reise att. eg veit ikkje kvifor, men eg syns heimlengsel er vakkert, for det gjer stundene ein har heime så sinnsjukt dyrebare og minneverdige. om du skjønnar?

  2. Olav Per Flataker

    Veldig bra det du skrive,kjenne meg litt igjen i det du skrive. fortsett sånn.

  3. victoria

    hørtes så mye mer koseligere ut når du skriver om å drikke rødvin, men når jeg gjør det selv, så er det ikke så koselig.