hausten

There were kittensUntitledUntitledSnake pass- she had fire wings -

den kom over helga. hausten. vi var i flombelagde venezia og gjekk i støvlar og vassa gjennom gatene med snorkel, og i roma, i roma vart det haust. kulden kom og lukta, den distinkte haustlukta som fortel om frost og kommande vinter. eg merka det ikkje på ordentleg før i dag tidleg. eg har ikkje trengt å ha på ytterjakke til skulen ein einaste dag, ikkje ein gong når det regnar sidan eg har paraply. eg pleier berre slenge på meg noko enkelt, og så skinnvesten min over der igjen og så ut døra. i dag fraus eg, skikkeleg. til tross for genser og bukse og skinnvest. gåsehud, frosne naser og øyrer, hutrande røykar i forelesningspausen. det er kaldt i roma no. og det er eigentleg litt godt.

i førre veke gjekk eg i kjole utan strømpebukse, trengde ikkje strømpebukse før på kveldingen, trengde ikkje genser før på kveldingen. eg har hatt sommar sidan slutten av mai. nesten konstant sol og varme sidan august. og det har vore himmelsk. men det er litt deilig med haust også. litt deilig med ullgenserar og ullsokkar. varm te og ferdig streama episodar av criminal minds, revenge, hart of dixie og nytt på nytt, medan eg gøymer meg under hundre lag av tepper. lange, varme bad etter ein lang dag, med roleg musikk i bakgrunnen og the great gatsby i henda. folk i lue og skjerf. å gå i dei vintage dr martensane mine utan å sjå ut som ein frostpinne, sjølv om eg er ein. drikke raudvin og teikne, klippe, lime og skrive i moleskineboka mi. skrive lister, opp og ned i fleire mil, om planar eg sikkert ikkje kjem til å halde, ting eg burde kjøpe, men som eg sikkert ikkje har råd til. draumelister. ønskelister.

dessutan er det praktisk med haust no. for om ei veke og to dagar flyttar eg heim til noreg. og eg har høyrt rykter om både minusgrader og snø, noko som gjer meg relativt glad for at eg får besøk av verdas finaste mamma på torsdag, og at ho har med seg ei ny, varm, nydeleg kåpe til meg som kom i posten i går. då skal eg endeleg bli varm i sjela att. imens drikk eg te og sit på internettkafé og draumer om ullundertøy, skiturar, kakao på termos, pannekaker steikt på blikkboks under ei gran og ordentleg, nordisk kaffi.

translation:
autumn has arrived in rome. two days before my mum comes to visit me, with a brand new winter coat for me in her bag. one week and two days before i pack my bags and move back to cold, wintery, snow filled norway.

photos: linked to flickr. 

3 comments

  1. Lisbeth

    Elsker høsten. Sommer er helt fantastisk, men det er så deilig når først høsten kommer. Her i Norge går det heller mot vinder. Snøen har kommet ordentlig for første gang og kaldere blir det. Det derimot er ikke så gøy. Høsten er bedre :)