Q&A på ein onsdags ettermiddag i oktober


har blanda saman nokre lister eg har funne her og der.

kva heiter du?
kristina aurore kvåle

kva kallar folk deg?

kristina og Kvåle er dei to vanlegaste, men har ein haug med kjælenamn som kissa, kk, k og stina.

kva vil du at folk skal kalle deg?
kristina og kvåle. det er det eg vant til.

kva gjer du akkurat no?
sit i vindauget og tar ein røyk og kjenner solstrålane varme medan eg ser bort på naboens takterrasse. så sinnsjukt fint.

kva vil du eigentleg gjere akkurat no?
er relativt nøgd.

kva har du på deg?

dette:

skjørt frå zara, topp frå the new yorker.

kva har du gjort i dag?

sov til klokka 12, gjekk på butikken og handla, sett tv-seriar. når eg er ferdig med dette skal eg lese til eksamen og betale rekningar. det er ein slik dag.

kva var det mest morosamme med gårsdagen?

å sitte på shishabar med flotte mennesker, drikke drinkar og røyke vannpipe med eplesmak. så himla kosleg!

kva var det kjipasten med dagen?

at eg sov alt for lenge og hadde småleg vondt i hovudet då eg vakna.

om du fekk beskrive ein perfekt dag, korleis ville den vore.

eg ville vakna klokka ti i ei stor og mjuk dobbelseng med kvite sengekle, ved siden av ein kjekk og fin mann som får meg til å smile. frukost i senga med presskanne kaffi, hardkokte egg, ferskpressa appelsinjus og ein smoothie. gå ut døra og plutseleg vere i ein eller anna storby, som new york, møte vakre, fine mennesker i ein park – kanskje har vi bestemt oss for å ha tjuetals tema, som eg elskar. menn med hatt, skjegg og hemingwayskjorter, jazzmusikk, vin og øl, sol og sommar. vere der i fleire timar og berre le og ha det fint, ete nyplukka jordbær og danse sving. når kveldingen byrja komme, kunne vi gå vidare til ein eller anna kosleg restaurant med god mat, etterfulgt av ein stad der ein kan danse, men samstundes sitte ute under varmelamper og røyke vannpipe og ta ein drink. avslutte dagen med nachspiel hos nokon og så ta taxi alldeles for full på latter og livet og sovne attmed ein kjekk og fin mann som får meg til å smile, i ei stor mjuk dobbelsenge med kvite sengekle.

vi hadde tjuetals tema då vi feira 20 års dagen min, det var typ ein meget fantastisk dag.

kva ser du når du ser til høgre?

ut vindauget på takterrassen til naboen. er så himla misunneleg på den, den er så stor og fin og fyllt med blomar. perfekt for fest eller piknik, eigentleg alt.

er du høgre eller venstrehendt?

eg er høgrehendt.

kva tenker du når du høyrer ordet perfekt?

uoppnåeleg, umogeleg, keisamt.

sommar, haust, vinter eller vår? kva er best og kva er verst?

våren er best, for då byrjar den mørke vinteren å forsvinne, gradvis. det blir mildare i lufta, ein kan kanskje ta av seg strømpebuksene og gå berrføtt i ballerinasko. blomane kjem, saman med stadig lysare kveldar og netter, gjerne fyllt med sang, latter, alkohol og vennar. jordbær og lyden av bølger som brusar mot fjæresteinar.
vinteren er verst, spesielt i februar. februar er den verste månaden, alt er kald og grått og mørkt. været er ustabilt sug liksom litt av magien ut av kvardagen. dagane er korte og nettene lange og tida går så uendeleg sakte at eg trur liksom aldri heilt på at våren skal komme. men så gjer den jo det kvart år og det er like fantastisk kvar gong.

favoritt høgtid?

ehm… jonsokk, kanskje? og så jula og nyttårsafta. alle burde gjere noko magisk på nyttårsafta.

det perfekte antrekket?
vel, dette er nydeleg:
 

og så er eg forelska i alt denne jenta her har på seg:
 

det beste du veit?
pasta, sigg, kjekke menn med skjegg og raudvin.

kva draumde du i natt?
hugsa ikkje, men eg trur kanskje mick jagger var med i den.

livsmål?
leve eit liv fullt av eventyr og kvardagsmagi. reise mykje. bu over heile verda. ta bilder, skrive. le.

kosekveld eller utekveld?
utekveld! med flotte folk, fin musikk og magisk atmosfære!

kva rom er du i no?
stova! sit på sofaen med pledd over meg og ser tv-seriar og les bloggar, til tross for at det er 22 grader  ute og strålande sol.

hobby?
foto og skriving.

største skrekk?
bier, kveps og humler, og generelt alt som summar og stikker. å vakne opp ein morgon å vere førtifem år i eit ulukkeleg forhald i ein kjip jobb og ei ungdomstid bak meg eg aldri utnytta. unytta potensiale.

kvar vil du vere om seks år?
london, paris eller new york. eg vil jobbe som fotograf, som skribent, blogge, le, danse og kline.

kvar var du i gårkveld?

fyrst på da luigis og åt middag saman med ein heil gjeng med flotte menneske, eine sambuaren min, sondre, hadde bursdag, så det måtte vi feire! så gjekk eg heim att og kvilte litt, for eg var så sliten, før eg vart med ut på shishabar (vannpipebar) og drakk jägermeister, den beste strawberry daquirien eg har smakt på lenge og tok masse bilder og la masse og kosa meg skikkeleg mykje. når dei stengte tusla eg og kristin og tora opp mot scholars, ein irsk pub ikkje så langt frå shishabaren. på veg dit møtte vi kjersti og jorun som var på leiting etter nattmat, så slo vi følge med dei heim, eg åt ein herleg spicy tomat panini. så gjekk eg og kjersti heim, eg såg nokre episodar av cougar town før eg sovna ganske så raskt.

kva er du ikkje?
i norge.

noko du ønsker deg?
dr martens sko

kvar er mobilen din? 
i veska mi, eller på nattbordet mitt. alltid i nærleiken.

kvar er din andre halvpart?
eg treng ingen andre halvpart, eg er meg. eg er meg heilt utan nokon andre.

håret ditt?
til skuldrane, blanding av mørkeblondt og lysebrunt med eit hint av karamellraudt. som regel krølla men naturleg rett.

Untitled

korleis er humøret ditt?
sliten, alt for mett, røyksjuk, tiltakslaus.

kva er dagens plan?
betale rekningar, lese til eksamen, drikke mykje pepsi light (veit de, dei har ikkje pepsi max her nede!) møte nokon familievennar som er på ferie i roma akkurat no og legge meg tidleg. roleg, avslapningsdag.

kor vaks du opp?
eg budde i eit gult lite hus i eit lite byggjefelt i ei lita bygd ved namn stårheim fram til eg var fire år saman med mamma, veslebror og far min. då eg var fire flytta eg, mamma og veslebror til eid og budde i eit no grått, då brunt, hus i ein liten bakke som heiter høgebakkane. frå eg var seks til eg var sju budde vi på brannstasjonen i måløy. frå eg var sju til eg var åtte budde vi i huset i valdres. så flytta vi til eit lite grønt hus i gate to i måløy. så møtte mamma stefaren min og vart saman med han, dei fekk veslebror nummer to og vi flytta inn i eit stort grønt hus med stor hage i ei pittelita bygd som heiter flatraket og der budde eg heilt fram til eg byrja på vidaregåande, då eg flytta tilbake til eid for å gå på skule der. så flytta eg heim i fjor for å jobbe og no bur eg i roma.

kva gjorde du sist?
laga mat. i dag er ein spicy burrito type dag.

tv?

vi har ein liten kassetv som kom med leiligheita, men eg ser aldri på den. dei seriane eg følger med på ser eg på dataen, då kontrollerar eg litt meir kva dritt eg får med meg.

kjæledyr?

då eg var seks år fekk eg ein liten pusekatt eg kalla pusi og som var typ min einaste venn ved siden av veslebror og bestevenninna mi. eg elska den katten over alt på jord, då vi flytta til valdres skulle bestemor og bestefar passe på ho, men så ein dag slutta ho å komme heim og eg såg ho aldri meir att. den dagen mamma fortalte meg at ho var vekke gøymde eg meg i skapet og las nancy drew bøker med lommelykt og grein i stillhet og løyndom. så fekk vi ein ny pusekatt då eg var typ 12 år, ein liten rampegutt som fekk namnet liten oberst, fordi veslebror nummer to, eskil, skulle velge namn. bestefaren til eskil heiter obert og difor fekk han namnet oberst. dessverre fekk oberst hjernhinnebetennelse og måtte avlivast etter tre år. har aldri vore så kvalm som då mamma sa dei hadde vore til dyrlegen med han og tatt farvel. no har vi ein liten skjønn vofs ved namn sara. ho er halvt yorkshire terrier og halvt engelsk toy terrier, som er ein rasemiks unna ordentleg russisk toy terrier. ho er heilt fantastisk nydeleg og morsom. stille og kosete og leiken og trur ofte at ho eigentleg er tiger, sjølv om ho er på størrelse med ein litt for stor chinchilla. eg saknar ho så mykje eg trur eg skal sprekke nokon gongar, og eg gler meg så sinnsjukt mykje til å kose med ho når eg kjem heim til noreg.

Untitledpale mornings

kva data har du?

macbook pro

kva er det mest dyrebare du eig?
kameraet mitt og macen min, passet mitt og flettaringen eg fekk av mamma.

Saknar någon?
eg saknar mamma, søskena mine, vofsen min og vennane mine, spesielt janne, kristin og tiril. likevel saknar eg ingen heller, for akkurat no så gjer vi alle nettopp det vi ønsker å gjer og vi er der vi bør vere akkurat no og vi ser kvarandre att raskare enn vi trur.


meg og janne på bursdagen min mai i år. janne var russ og vi reiste på roadtrip til florø på fest.

bilen din?
eg har ikkje lappen, og eg har ikkje sykkel, men eg kjørte ein kanarigul moped som heitte pip fram til den kapitulerte ein gong i sommar.

noko du ikkje har på deg?
sokkar

favoritbutikk?
nastygal.com, asos.com, modcloth.com, chicwish.com

korleis var sommaren din?
full av magi, flotte menneske, fin musikk og god stemning. og ein del jobbing.

elskar du nokon?
mange. kanksje alt for mange.

favoritfarge?
burgunderraud, marineblått og sennepsgult

når lo du seinast?
i natt.

når gråt du sist?
fyrste veka i roma, eg var full og sakna bestevenninna mi som bur i bergen.

korleis har du det?
eg er trøtt, men har det veldig fint.

kva vil du ha akkurat no?
eit par dr martens, ei flaske raudvin og at det skal vere i morgon, for då får eg finfint besøk frå noreg.

kva har du ete i dag?
supersterk chilli sin carne burrito.

kva skal du i morgon?
stå opp tidleg, lese til eksamen, ta toget til flyplassen og hente finaste susanne, drikke vin, ete god mat og kose meg kjempemykje

og på fredag?
lese litt til eksamen, ete god frukost, vise susanne alle dei finaste plassane i roma, ta livet med ro.

det siste du kjøpte?
alt for mykje mat eg ikkje maktar å ete opp på typ ei veke. gjekk på butikken svolta.

kva lo du av sist?
nokre italienske menn i natt som prøvde å få oss inn på det største fjortisdiskoteket i sentrum, mood, og som snakka veldig dårleg engelsk.

kven sov du sist ved siden av? ?
kjersti. vi er roomies og delar på ei stor dobbelseng. som er ganske greit, for eg hatar å sove åleine.

Untitled

kva les du akkurat no?
the great gatsby av f. scott fitzgerald.

kva film såg du sist?
MOONRISE KINGDOM! så himla fin! minna meg om barndommen og korleis det eigentleg var å vere 10 – 12 år, og ikkje heilt ungdom, men ikkje ordentleg barn heller. berre så sinnsjukt vakker. wes anderson altså, han er relativ fantastisk altså.

kva banneord brukar du oftast?

satan, helvete.

kven var den siste som ringte deg?
julie

har du date-a nokon med ulik religion?
muligens, pleier ikkje snakke så mykje om religion eigentleg.

dei tre siste meldingane du fekk?

“don’t know what i’m doing, are you at the party now? friday there is a party at economy in sapienza! however send me a message when you are free, ok? kiss”

“som gull og diamantar?”

“når er fristen?”

den siste meldingen du sendte?
“den er grei, berre pip meg dokke :)”

favorittfag på vidaregåande?
samfunnsvitenskapleg engelsk og politikk og menneskerettar.

favorittfrukt?
plomme

favorittbær:

blåbær!

kva kjendis har du blitt samanligna med?
ingen. mamma seier eg lignar på sophia loren, men ho er mammaen min då og meiner eg ville sett bra ut med grønt hår.

nokon du syns er kjekk/pen/vakker?
i dag: james franco.
i går: mick jagger.

blir du fort sjalu?
svært sjeldan, prøvar alltid å ikkje ta meg nær av ting eller lese for mykje inn i saker, hatar når ein går og er sjalu og føler seg som dritt. kvifor føle seg slik når ein berre kan stole på folk og føle seg bra nok og fin og verdt nok?

favoritt karakteren din i ein tv-serie?
dr reid i criminal minds. berre liksom, åh! og cassie i skins.

kven skreiv til deg på facebookchatten sist?
susanne: den er god! gleder meg!

kva språk har du lyst til å lære deg?
fransk og russisk. vil lære meg mest mogleg språk før eg dør.

kva typar gutar faller du for?
litt mystiske, gjerne med skjegg og sterke armar. store hender, sjarmerande smil og god humor. jo meir uoppnåeleg, desto meir attraktiv.

kor vil du reise akkurat no?
new york

kva ønskar du deg til bursdagen din?
til jul ønsker eg meg dr martens, så til bursdagen min ønsker eg meg sophie platform pump av jeffrey cambell. så himla fine sko! perfekt for våren og mai, og det er akkurat då eg har bursdag!

translation: 
q&a on a wednesday afternoon.  

3 comments

  1. Ane Sunde

    Åh for et fint Q/A-innlegg – jeg gjør ikke annet enn å dagdrømme og leve for akkurat den samme magien du beskriver over alt – en dag kommer jeg på besøk for å spise sove lenge, spise pasta med pesto, sitte i sola med solbriller og 20-talls-kjoler, sitte i en park og drikke øl og vin og sigge og fotografere og le og danse til musikk helt til sola står opp på nytt.

  2. Kathleen

    Elsker svaret ditt på hvor er din andre halvpart. Det burde alle mennesker svare! Og ps, så fin du var på det øverste bildet!

    :)