berlin. bei mir bist du schön.

søndag sekstande september sat eg meg på flyet tidleg tidleg på morgonen til tegel i berlin. der vart eg sittande i fleirfaldige timar heilt til klokka nærma seg fire, då sprang eg. sprang mot gate c der flyet frå noreg var og finaste hanne venta.

Untitled
etter latter og klemmar og ein liten nikotinpause bar det på hotellet, der vi lasta av oss bagasje, sminka oss og skifta før vi tok shuttlebussen ned til sentrum
Untitled
vi enda opp på hard rock café og hanne var fin og glad som alltid.
UntitledUntitled
elvis hang på vindauget og stemninga var på topp medan vi snakka om alt som hadde skjedd sidan sist. sidan eg flytta til roma og ho sat nesten heilt åleine igjen på fagre, men vesle, eid. og så snakka vi om framtida og alt som skulle skje neste morgon og om gutar og kjærleik og livet og alt vi alltid endar opp med å snakke om når vi kjem saman.

Untitled
vi feira gjenforeninga og morgondagen og berlin med øl og eit harem av mat vi på ingen måte var i stand til å ete opp. og som servitørane vedda på om vi greide å ete opp. 
Untitled

plutseleg kom kvelden og hanne tok bilde av meg i det eg gjekk ut for å ta ein røyk. så tusla vi litt rundt på kufürstendamm, før vi tok bussen tilbake til hotellet, der vi sovna til dubba filmar og tv-seriar. dagen etterpå åt vi frukost på starbucks og så sa vi hadet. eg reist heim til roma, og hanne sat seg på flyet til LA. der resten av hennar eventyr fortsett.

translation:
on the 16th of september i went to berlin to see my friend hanne, who was staying there for one night before she moved to LA. we had beers and dinner at the hard rock café before we took a stroll down kufürstendamm and then returned to the hotel, where we fell asleep watching dubbed movies and tv-series. 

One comment