you’re the bee’s knees

vi er komt til det stadiet i livet at vi flyttar. får separate liv og snakkast ikkje så ofte som vi pleier. likevel er vi bundne saman. gjennom endelause minner om seine ettermiddagar som glei over i seine kveldar med kaffi, nudlar, brownies (om vi nettopp hadde fått lønning eller stipend), vin, musikk, øl, film, sladder og filosofiske samtalar om livet og framtida og kjærleiken. ingenting kan vaske vekk det. ikkje ein gong framtida. og det er akkurat slik det skal vere, og difor er det så sinnsvakt fint at vi lev i ei verd som har internett. som har sosiale medier – eit interaktivt samfunn som lar oss kommunisere, som lar oss vere oppdatert på kva som skjer i livet til dei som ein gong var ein aktiv og veldig tilstedeverande del av ditt.

det siste året har fleire av vennane mine flytta overalt, starta på framtidene sine, og det samme har eg. og no har to av mine næraste og kjæraste venninner fått seg blogg, og difor vil eg at de skal ta ein liten titt innom og legge igjen nokre fine ord og kjærleik til dei, for dei er så fantastiske og dei fortener alt det beste.

veronika hansen - blog de mode 

(klikk på siste linken for å komme til bloggen hennar, klikk på namnet for å komme til eit av utallige innlegg eg har skrive om ho på den gamle bloggen min)

hansen er ei av dei søtaste jentene eg veit om. ho er frisørlærling og den einaste på denne jord som får lov til å klippe og farge håret mitt. ho gjekk på frisørskulen cancan i ålesund og jobbar no som lærling hjå hårmakeren i ålesund (gå dit om du bur i nærleiken og be om ho!). ho er full av liv, latter og er eit endelaus hav av omsorg og kjærleik. for ikkje å snakke om at ho er ei av dei penaste jentene som fins. bloggen hennar handlar for det meste om mote og livet hennar og om du vil sjå vakre instagrambilder av ei heilt nydeleg jente i fantastiske kle, så besøker du bloggen hennar. faktisk, berre besøk den uavhengig om du likar mote eller ikkje, berre besøk den.

hanne ryetrue stories from hollywood

Untitled
UntitledUntitled
hanne er den sterkaste, tøffaste, finaste, skjønnaste, mest fantastiske og talentfulle jenta eg veit om. de har sett ein god del bilder av ho her på bloggen, då ho har vore modell for meg fleirfaldige gongar. for ei veke sidan flytta ho til los angeles for å gå på skule. og ikkje kva som helst skule, men Musiscians institute, Los Angeles der ho skal studere sang. ho er den beste vokalisten eg har høyrt og kjem ein dag til å bli større enn sola på stjernekartet. på bloggen hennar får de vite litt meir om kvardagen hennar og livet i hollywood. ho har ikkje hatt internett i leiligheta si sidan ho kom til LA, men det kjem. det kjem til å komme mykje frå denne jenta, og alt kjem til å vere heilt unekteleg fantastisk.

translation: 
two of my closest friends have both recently started their own blogs. click on the links and visit them, they are fabulous!  

One comment