always be a unicorn

nokre dagar går ting berre litt på tverka og ein treng noko å smile av. her er nokre ting som får meg til å smile og som de kan bruke litt samme teknikken som de vil.

♥ youtube trailerar av filmar som kjem som ein kan legge til i favorittar og sjå om og om igjen til filmen kjem.

♥ sitat som kanskje er cheesy, men som også er ganske relevante og viktige og fine.

♥ bilder av deg og bestevennane dine frå ein gong de hadde det sinnsjukt artig

♥bilder av dyr. alle slags dyr. smile litt og sakne vovven sin (eller katten eller gullfisken eller hesten eller dådyret eller berre ønske seg ein vovv eller ein katt eller ein gullfisk eller ein hest eller eit dådyr)









♥ drikke kaffi på den nye favorittkaféen din der dei spelar angie og lucy in the sky with diamonds og hello, i love you på passe volum og surfe på internett medan ein ser kjekke italienarar med skjegg gå forbi og lure på korleis dei er å kysse.

♥bilder av kjærleik. uansett om ein er forelska eller ikkje. det er alltid like fint og det får ein alltid til å smile.

♥ikkje sjekk saldoen på kontoen din på noko tidspunkt. om ikkje du må betale rekningar. ikkje bruk pengar på noko anna enn ordentleg luksus, som mjukt dopapir, ein glovarm americano, frukt, rosesalt, bonaqua, soltørka tomatar og mozzarellaost.

alle bilda som ikkje er private finn de kjeldene til her: 1, 2, 3

translation:
a list of things to make you smile on bad days: youtube trailers of movies you are looking forward to see, cheesy sayings that are in fact very beautiful and very true, pictures of you and your bestfriends when you were having a great time, pictures of animals, drinking coffee at your favorite café where they play the best music and you can surf the internet, pictures of love. whether you are in love or not, love should always make you smile! and most importantly do NOT check your bankaccount and only indulge in true luxuries, like soft toiletpaper, a hot americano, fruit, rosesalt, sparkling water, sundried tomatoes and mozzarella cheese. 

3 comments