we are horses and we will climb mountains

 

for seks månader sidan visste eg ikkje heilt kvar eg skulle gjere av meg. eg visste ikkje heilt kva eg ville eller kvar. eg tok bussen til eid for å sjå film med janne og for å sleppe å sove åleine om natta. eg hadde vondt i hjartet. skikkeleg drittvondt. det var som om eg aldri kom til å komme meg nokon stad, anna enn til kanskje måløy eller eid. då var det eg fekk ei fin melding av ei fin venninne. ei melding eg har tatt fram og sett på kvar gong når ting har verka å stå heilt uendeleg i ro.

eit halvt år + litt til,  så er du i eit eller anna solfylt land ein plass i verda, tar bileter og skriver, som berre kristina kan.

eg hadde komme inn på kunstskule i san fransisco, på kulturakademiet i roma og var ein tornado av tvil og dårleg sjølvtillit og visste ikkje kva eg ville eller kva som var lurt eller kva eg burde eller kva som var rett. er eg artistisk flink nok til å gå på kunstskule, fotolinje? er eg literært flink nok til å ein dag skrive ei bok, til å skrive for pengar? kjem eg nokon sinne til å tørre å gjere nokon av delane eg alltid sa eg skulle gjere? eg ville byrje på alt, på livet som kjem om fem år, ti år, i morgon, om ei veke, om tre månadar, alt på same tid. alt akkurat no. det passa verkeleg ikkje å bu i noregs minste bygd heilt ut ved havet, det passa verkeleg ikkje å vere sjukmeldt, det passa verkeleg ikkje at det var iskaldt og vinter og sludd og snø. men det passa så utruleg bra å få slike ord ut av det blå.

no bur eg i roma. i ei stor leilighet på largo dei fiorentini, fem minutt frå campo de fiori, fem minutt frå peterskyrkja. her er sol, her er varmt og her er pasta og kaffi i fleng. og eg studerer, eg har ein grunn til å vere her. eg har ikkje vondt i hjartet lenger, ikkje på samme måte som då. men eg har knapt skrive og eg har berre tatt nokre få bilder. det er noko inni meg som held meg tilbake. som seier nei, vent litt. berre vent litt. for sjølvtvilen er like sterk, like ekte, like tilstade som før. og framtidstvilen det samme. kva bør eg gjere, utdanne meg til, for å gjere alt eg vil gjere? for å bli alt eg vil bli? det er i desse spørsmåla, spesifikke, dog samstundes perifere som sukkerstjerner 400 lysår unna, den elementære skilnaden frå sist eg spurte dei ligg. der er eit kva framfor, det er målretta spørsmål. kva, korleis, dei er ikkje tvilande, dei er spørrande. dei er konkrete. dei er fulle av ein løynd ambisjon eg ikkje trudde eg eigde. og det slår meg at eg må skrive, eg må ta bilder, om dei er uklare og kornete, om der er skrivefeil og blekket lek over alle sidene, eg må ta bilder. eg må skrive. eg må prøve. prøve så godt eg kan. så cheesy eg kan. og når tvilen brer seg i brystet og truar med å dra meg tilbake til januar, tilbake til vinter og sjukmelding og grått tjernobylkulde, så les eg melding frå nina. les orda. les trua ho har på meg. ikkje tildekt, ikkje usikker eller spørrande, heilt og haldent sikker. heilt og haldent godhjarta. heilt og haldent fint. og eg gler meg til haustferie veka mi, då eg reiser til tyskland og skal feire oktoberfest med ho, berre fordi vi begge er nordmenn i det store europa som ikkje heilt veit kva vi gjer på.

foto: linka til kjelde

translation: 
a text in norwegian about the past winter when i was so confused about what i wanted to do with my life, and i was ill and i felt i was going to stay in my small village for ever. and i took the bus to my best friend almost every day just to watch movies and not have to sleep alone at night. and about another friend of mine who sent me the most lovely text about how i in six months were going to be living in a warm country taking pictures and writing in a way only i (according to her) can. photo: linked to source.  

3 comments

  1. Milla

    åh så fin tekst. forresten. eg tenkte på ein ting her ein dag. du bor jo i italia nå. noe som e superduperfint og fy så misunnlig eg e. anywho, sko bare sei at du ser faktisk litt italiensk ut. no eg syns gjør heila greiå ennå mær fint. nesten som ein italiensk 50talls skuespillerinna eller no. måtte bare sei det før eg glømte det ut <3

  2. Lisbeth

    Du er så fantastisk fin! Jeg er på et sted selv hvor jeg vil alt på en gang, men aner ikke hvor jeg skal begynne. Hva skal jeg studere, hva vil jeg, hva skal jeg bli, hvor begynner jeg. Litt etter litt løsner det og jeg tror snart at jeg klarer å velge en liten sti jeg kan prøve å vandre på.

    Syns det høres så awesome ut å bo i roma og studere. Misunner deg kjempe mye!

  3. mammamia

    At du kan – det veit eg! At du vil er det viktigaste. Du tek så vakre bilete, er poetisk og flytande i teksten. Du formidlar vakkert – sjølv det vonde og groteske. Du dreg ei stemning gjennom både tekst og bilete som får oss til å lese meir – sjå meir. Er ikkje det kunst?