å gå heim i gullglinsande sko ei sommarnatt utan lighter og tenke på då ein var seksten og naiv og kunne alt

går heim tidleg frå fest. er trøtt. glad. brisen. har på meg ballerinasko som glinsar i gull og dongeribukse. den einaste dongeribuksa eg eig. eg er røyksjuk men har ikkje lighter, mista den ein gong mellom då eg dansa sving med mamma til sweet home chicago og då eg og tiril jiva til levva livet. det er slik det skal vere når bygda arrangerar festival og bygdas danseband og store stolthet, vassverkgutane, spelar til dans på kvelden.

alle er her. heile bygda. gamle lærarar til klassekameratar eg ikkje har sett på hundre år nesten. aldersgrensa er atten, men dei under atten har tatt på seg neongule vaktvestar og er med fordiom. og det minner meg om då eg var seksten, og eg sofie og yngvild sa oss frivillige til å jobbe i kiosken på romjulsdansen i selje. berre for å kunne sei at vi også var med på det. det dei andre ikkje fekk vere med på. dei som prøvde å snike seg inn uten at det gjekk. og eg må berre smile og flire litt over kor naive og veslevaksne vi var på den tida. på kor ufatteleg unike vi meinte vi var, sjølv om vi i all hovudsak var sjølve tverrsnittet av korleis sekstenåringar er og skal vere. verdsmeistrar, veslevaksne, svoltne på sjølvstende og livet. vaksenlivet er aldri meir forlokkande som når du er seksten. når du fyrst blir vaksen, då ønsker du deg eigentleg berre tilbake til tida då ein hadde lov til å vere naiv og verdsmeister utan å måtte undskulde seg sjølv for feil og manglar. for ein var unge og ein visste ikkje bedre, og om ein gjorde det så ga ein litt faen, for ein var unge.

ikkje det at eg ikkje er ung endå. tjue år er ingen alder. eg gir endå faen, eg er endå naiv, eg likar endå å tru at mitt syn på ting er det beste synet. men eg veit eg tar feil. og eg veit når eg er barnsleg og eg veit når eg må ta av meg eventyrbrillene og ta på meg vaksenbrillene og gjere det som må gjerast. eg likar endå å tru at i det store omfanget av tjueåringar der ute, er eg litt annleis, men eg veit eg eigentleg er sjølve tverrsnittet av korleis ein tjueåring er og skal vere. rock and roll og ambisjonar lenger enn nokon horisontar. men også sjølvstendig og ansvarlig, når det trengs. til nøds.

eg går heim tidleg frå fest. traskar i glinsande gullsko gjennom snarvegar eg kan gå i blinde. høyrer på aphrodisiac av bow wow wow og er røyksjuk men har ikkje lighter og har på meg dongeribukse. eg kan ikkje hugse sist eg gikk på fest i dongeribukse. eg var sikkert seksten.

foto: linka til kjelde.

2 comments

  1. Lisbeth

    Når jeg var 16 så hadde jeg utrolig stort behov for å ikke være som andre. Ikke se ut de andre i klassen og ikke være som dem i klassen. Det var på det tidspunktet jeg skjønte at jeg aldri ville bli en av de populære eller ha en haug med venner, men jeg ga faen. På det tidspunktet så ville jeg ikke lenger ha det sånn heller. Så på en måte klarte jeg det. Det var først i ettertid jeg skjønte at kanskje jeg ikke var som de andre i klassen, men det var mange andre som meg der ute, bare i andre klasserom.