roma

eg føler eg har ein påhengsmotor i ræva. det er liksom siste innspurt og eg må komme meg i mål, om ikkje søkk eg, druknar, forsvinn, sluttar å vere til. så dramatisk som det enn må høyrest ut, så er det nett slik det kjennest. der er berre så mykje å gjere, og så lita tid å få det gjort på. for kvar gong eg får kryssa av noko på lista mi, kjem der eit nytt punkt eg må hugse på.
– hugs å ordne forsikringa. sjekk.
– hugs å send namneendringsbeviset til skulen. å faen, det var sant!
– hugs å kjøp nye koffertar!!! sjekk.
– rydd ut av pikerommet. working on it.
– jobb. working on it (bokstavleg talt).
– janne sin bursdag. sjekk.
– janne sin farvelfest på laurdag. working on it.
det tar liksom aldri slutt. lista fortsetter i det uendelege. og så blir eg trøtt og utmatta, sliten, lei og sur. for migrene og gløymer å ete. svimer av og svimlar på jobb og tenker kvifor i helvete orkar eg dette kjøret? og så kjem eg på det. jo, nettopp fordi eg om 11 dagar sit på flyet. fordi eg om 12 dagar vaknar opp i ei nydeleg leiligheit i roma. at eg om 14 dagar har byrja studiane. difor. difor. på grunn av roma. eg har ein påhengsmotor i ræva ved namn roma og den driv meg langt ut på havet, vekk frå alt eg kan og kjenner. og eg elskar det. eg kan sove når eg dør. då kan eg sove jævla lenge. i mellom tida seier eg ingenting anna om dagen enn ciao og arrividerci til alle eg kjenner og er glad i. og det er både vondt og fint.

3 comments