pardon my french, but you sure are quite magnifique

 

på laurdag hadde verdas finaste hanne bursdag og vart 20 år gammal. så det måtte feirast og gratulerast og bli gitt gåve. for alle flotte fantastiske menneske fortenar gåve, gratulasjonar og feiring av dei vart til og for at dei faktisk er eit lys i kvardagen for andre.

vi drakk franskvin på plastikkflaske. eg og hanne er frankofile, og eigentleg drikk vi promenade, som er, ja, billig raudvin alle likar, men den er jo SÅ HIMLA FANTASTISK. pardon my french og olea er gode nummer 2 og 3 på prisliste og smak for fattige studentar.

eg hadde tatt på meg mørklebestift, leopardskjorte og fineskjørtet for annleiinga og følte meg littegrann som ei heks i ein roald dahl roman.

 

det var jäger og rock and roll og ein tur ut der vi møtte finaste janne og møtte på kjentfolk

og når klokka nærma seg sengetid tusla eg bærføtt heim i den no mørke sommarnatta og nynna sangar av melissa horn og the strokes. og det var ein ganske fin fin dag og ein finfin kveld.

translation: 
it was my friend hanne’s birthday on saturday and we celebrated and drank cheap french wine and jägermeister and laughed and had a quite magnificent evening.  

2 comments