såpebobler og naivitet

eg har skrivesperre. sit på balkongen og røyker og bles såpebobler, ser i havet og hører på rar og fin musikk. fridag og eg sov til halv fire. då ringte kristin og vekte meg for å høyre korleis det går og for å le over kor tullete eg er om dagen. såpeboblene flyr av stad med vinden, og bittesmå dråpar av sommaryr heng i lufta og ein etter ein sprekk dei. boblene altså. det er ikkje sol og det er ikkje varmt, men det er mildt og pittelitt vind og inga skodde og det er mykje meir enn kva det var i dag forrige veke.tankane mine vandrar og heng ikkje heilt på greip lenger. men det går greit. det er fridag og slepp å tenke klart. eg har det ikkje i meg å vere sint lenger, eller å vere lei meg. det er juli, snart august og om tjueåtte dagar finn du meg ikkje lenger her. då sit eg ikkje lenger på denne balkongen og bles såpebobler og røyker, då bur eg ikkje her. då bur eg ikkje noreg, men i italia. då sit eg i den nye leiligheta mi i roma og eit nytt kapittel opnar seg og nye eventyr tar til. tenk det. så kanskje det ikkje er så rart at eg har skrivesperre. for kva skriv ein i desse små augneblikka av stillhet og pause, når ein veit om alt som skal skje og har skjedd og skjer. då er det berre å blåse såpebobler og synge rare, men fine sangar, og bla seg bakover i arkivet til sandra beijer, eller lese ei bok du elskar meir enn alt anna på denne jord, eller sjå the virgin suicides om att fordi den er så fin og fantastisk. berre ta pause, nyte det, vere litt naiv og fri. eg likar livet best som naiv. det blir mykje meir magisk å kysse i regnet då. faktisk, blir alt mykje meir magisk med litt naivitet.

bilde 1: rolf armstrong

2 comments