markjordbær, blåklokker og lyden av bølger som knuser mot fjæresteinane.

i dag vakna eg etter å ha gått heim i brålysningen av dagen. eg drakk ein kopp kaffi, vaska vekk nattas glitter som ikkje lenger var på augelokka, men i heile andletet mitt. og så gjekk eg ut. sa hei til dagen og satt meg i farmor sin bil som kjørte meg til to av dei vakraste skapningane på denne jord. til to av dei vakraste stemmene og lattarane og andleta og freknene eg veit om, og som eg høyrer og ser så alt for sjeldan. stemma og latteren og andletet og freknene og det kvite håret til veslesyster mi, elise. stemma, latteren, andletet, freknene, tøysefaktene og motet til veslebror min, andreas. vi gjekk på tur i fjæra, kasta flyndresteinar og hørte bølgene bruse mot fjæresteinane. vi plukka blåklokkebukett og fann markjordbær på vegen. og så, like plutseleg som eg kom måtte eg reise. og ingenting er så vanskeleg som å måtte sei hadet til nokon du nettopp har sett att på nesten eit år. men løyndomen min er, at i morgon ser eg dei att og då skal vi leite etter fleire markjordbær og kanskje gå på fjellet og ha piknik og slike ting som er fint og sommarsleg og minnerike. det er så viktig at det er minnerikt.

3 comments